Aukar studiestøtte med ti prosent i nytt statsbudsjett

Semja om budsjettet tyder rundt 1250 kroner ekstra i lomma på studentar kvar månad.

NPK-NTB-Anna Victoria Stjern og Kenneth Kandolf Haug
Publisert

Regjeringspartia og SV er samde om ein budsjettavtale som mellom anna aukar minstesatsar for ei rekke trygdeordningar og innfører gratis SFO for tredje trinn.

– Vi har landa eit trygt og ansvarleg budsjett saman, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under ein pressekonferanse søndag formiddag.

Forhandlingane om neste års statsbudsjett har gått føre seg sidan måndag 13. november, og søndag formiddag varsla regjeringa at dei har vorte samde med SV.

Vil ta grep i dyrtid

– For SV var det avgjerande å få på plass eit budsjett som tek grep om dei viktigaste utfordringane i vår tid – dyrtida, økonomiske forskjellar og behovet for omstilling for å ta vare på klima og natur, sa SV-leiar Kirsti Bergstø.

Barnetrygda skal aukast med 2400 kroner i året for barn over seks år. Det skal innførast gratis halvdagsplass på SFO for tredje trinn, studiestøtta skal aukast med ti prosent, heiter det i avtalen.

I tillegg skal minstesatsane for uføretrygda, AAP-mottakarar og KVP-mottakarar bli auka med 6000 kroner frå 1. juli.

Åtte punkt

Regjeringspartia og SV presenterer desse punkta som dei viktigaste endringane i forhold til budsjettforslaget frå regjeringa som vart lagt fram i oktober:

  • Barnetrygda for barn over 6 år blir auka med 2400 kroner i året (1,9 mrd. kroner)
  • Innføre gratis halvdagsplass på SFO for tredje trinn (880 mill. kroner)
  • Auka studiestøtte på 10 prosent frå 1. august 2024. (277 mill. kroner)
  • Rekrutteringstilskot til Helse Nord (200 mill. kroner)
  • Auka satsing på grøn omstilling (Ulike satsingar på omtrent 4 mrd. kroner)
  • Auka satsing på frivillig skogvern. (449 mill. kroner)
  • Klima og skogsatsing under UD. (1 mrd. kroner)
  • Auka låneramme i Husbanken på 5 mrd. kroner.

Semja vart presentert i vandrehallen på Stortinget søndag klokka 10.