Lise Klaveness vann Årets tale 2023
– Det går ikkje å endre noko utan at noko blir knust, seier ho.
Ta ordet! delte torsdag kveld ut prisen for den beste offentlege talen for 2023 for første gong under Ta ordet!-finalen.
Ta ordet! er ein talekonkurranse for elevar på vidaregåande skule, utvikla og organisert av Retorikkgruppen ved Institutt for Informasjons- og medievitenskap på Universitetet i Bergen.
Menneskerettar i Qatar
President i Noregs Fotballforbund Lise Klaveness vann årets pris for talen sin om fotball-VM i Qatar til FIFA-kongressen i Doha. 31. mars 2022, skriv Altinget.no.
I talen «Call for Change» om menneskerettar, openheit og likestilling retta ho som nyvalt fotballpresident sterk kritikk mot FIFA si avgjerd om å tildele fjorårets VM i fotball til det autoritære regimet i Qatar.
Talen vekte stor merksemd internasjonalt, og i går blei Klaveness heidra for sin sterke, klare og modige stemme.
– Talen er modig og bodskapen er klår, tydeleg og direkte, skriv juryen i grunngjevinga.
Takksam for å bli valt
Fotballpresidenten var sjølv i Doha under utdelinga, men uttrykka i ei videohelsing takksemd for å bli valt ut mellom fleire andre gode talarar.
– Akkurat dette med å ta ordet, tørre å engasjere seg og å meine, er noko eg er veldig oppteken av, og som eg unner og ynskjer for alle, sa ho i ei helsing til Ta ordet!-ungdommane.
Klaveness gav ungdommane råd om at dei må trene seg på å ta ordet, ein må diskutere mykje og ein må tørre å gjere feil.
– Det går ikkje å endre noko utan at noko blir knust, og det kan bli ukomfortabelt, og ein kjem til å gjere feil. Men det er utanfor komfortsona at magien skjer, fortalde ho i videoen.
Klaveness var nominert saman med:
- Jens Stoltenberg, generalsekretær i Nato: Tale om Ukraina-støtte til EU-parlamentet. 13. juli 2022
- Andrea Teistedal Dyrøy, elev Kongshaug musikkgymnas: Ta ordet!-vinnar 2022 om fellesbåsar i skuledusjen.
- Statsminister Jonas Gahr Støre: Tale ved kronprinsparets 50-årsfeiring. 25. august 2023
- Jens Stoltenberg, generalsekretær i Nato: Tale om tryggleikspolitikk under NHOs årskonferanse. 5. januar 2023
- Marte Mjøs Persen, dåverande arbeids- og inkluderingsminister: Tale til nye statsborgarar under seremoni i Håkonshallen. 3. september 2023
- Agnete Tjærandsen, Nordland Høgre: Tale om kunstig intelligens til Høgres landsmøte. 20. september 2023