Andrea (18) sin tale er nominert saman med Lise Klaveness og Jens Stoltenberg

Ta ordet! deler for første gang ut prisen for årets tale. Her er dei nominerte.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg synest jo det er veldig kjekt og litt sjokkerande, men absolutt veldig stas og gøy.

Det seier Andrea Teistedal Dyrøy på telefon til Framtida.no.

18-åringen er audmjuk over å vere nominert til årets tale saman med mellom andre Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre og Lise Klaveness.

Dei nominerte

Torsdag 30. november skal prisen for beste offentlege tale delast ut under Ta ordet!-finalen i Kulturhuset i Bergen.

Alle offentlege talar er aktuelle, anten dei er politiske, poetiske, juridiske, eller noko anna. Det viktigaste er at talen har rørt ved noko, skriv Ta ordet! på sine nettsider.

Dei nominerte er:

Analyserte statsministerens tale

– Det er jo veldig kjente folk. Det er liksom statsministeren. Det er ikkje små namn akkurat, seier Dyrøy.

Under tentamen fekk ho ei oppgåve om diktanalyse av statsministeren sin tale, men ho har òg lese alle dei andre nominerte og synest dei er verdige kandidatar.

18-åringen har ikkje tenkt så mykje på vinnarsjansane sine og synest det er stor stas å vera nominert saman med dei andre, meir profilerte kandidatane.

– Det er veldig, veldig kule folk, som er veldig store og flinke, synest Dyrøy.

Finn ei sak du brenn for

Talen ho er nominert med handlar om innføring av båsar i skulegarderobane, ei sak ho framleis brenn for.

18-åringen har ikkje eit behov for mykje merksemd, men synest det har vore stas med tilbakemeldingar der folk kjente seg att i talen hennar og fekk betre forståing for tematikken.

– Har du tips til andre som vil skriva ein god tale? 

– Eg trur det viktigaste er å faktisk finna noko du brenn for. Det går alltids an å skriva talar om ting, men som du faktisk ikkje er engasjert i. For meg var det ei skuleoppgåve, men for meg var det kjekt å gjera noko eg faktisk brydde meg om, svarar Dyrøy.

Ho har òg eit konkret råd for korleis framføra talen.

– Kanskje å tenkja litt mindre på seg sjølv. Eg synest det er litt skummelt å framføra framfor folk, men då kunne eg tenkja mest på at det var viktig. Det vert mindre sjå på meg og meir om kva eg vil seia.


Andrea Teistedal Dyrøy (17) vann retorikkonkurransen Ta ordet! med sin appell for dusjbåsar på skulen.