Fosenaktivist kåra til «Årets ledestjerne»

Leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbunds ungdomsforbund (NSR-Nuorat), Elle Márgget Nystad, vert hylla for aktivismen sin.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Dette er ein pris eg vil dela med mange, eg hadde aldri klart å leia dette utan alle mine medaksjonistar, sa Elle Márgget Nystad (24) då ho tysdag fekk prisen for «Årets ledestjerne» på Ingensteds i Oslo.

I år er femte året D2 og Dagens Næringsliv kårar 30 leiestjerner under 30 år.

Dei utvalde er plukka ut av ein jury basert på nominasjonar frå lesarane. Juryen har teke utgangspunkt i FNs berekraftsmål for plukka ut leiestjerner som gjennom gode idear, handlekraft eller leiareigenskapar bidreg til å gjera verda litt betre.

Elle Nystad. | Foto: NSR-N

Samisk frontfigur

«Årets ledestjerne» Elle Márgget Nystad (24) er leiar i NSR-Nuorat, ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbunds ungdomsforbund, og var ein av frontfigurane i Fosen-aksjonen som i februar gjorde sitt inntog med bodskapen «500 dagar med menneskerettsbrot».

– Denne prisen betyr mykje for meg. Å bli «Årets ledestjerne» følast særleg viktig når ein leier ein ungdomsorganisasjon. Prisen beviser også at det nyttar å engasjera seg, vise motstand og kjempe. Og som samisk og minoritet er det dessutan viktig å ha allierte i ryggen, sa Nystad ifølgje D2 under tildelinga.

Nystad er oppvaksen i ein samisk familie i Karasjok og studerer jus ved Universitetet i Tromsø.

24-åringen var blant aksjonistane som fekk 5000 kroner i bot etter å ha okkupert Olje- og energidepartementet for å protestera mot at staten ikkje har teke affære trass i at Høgsterett har slått fast at vindmøllene på Fosen bryt med samane sine rettar.

Smittande engasjement

Juryen meiner «Årets ledestjerne» har vist god leiarskap og drive aktivisme med eit smittande engasjement som bryt gjennom lydmuren.

«Ho har aksjonert både politisk og sosialt, med kjærleik, samhald og ikkjevald som rettesnor. I den eksterne nominasjonen blei ho kalla «eit samisk symbol for æva» – og det er neste generasjon samiske barn og ungdom som er hennar største inspirasjon og drivkraft. Målet er at dei skal få oppleva tryggleik i det å vera samisk,» heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Juryen meiner Nystad sin aktivisme teiknar opp store linjer mellom staten og lokalsamfunn, natur og kultur, energipolitikk og det grøne skiftet, politikk og sivil ulydnad, minoritetar og majoriteten.