60 organisasjonar krev stans i oljeleiting

Same dag som FNs klimatoppmøte startar i Dubai, går 60 organisasjonar saman om eit krav om å stanse oljeleiting på norsk sokkel.

NPK-NTB
Publisert

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner det ville bli ein «game changer» viss Noreg sende eit slikt signal til andre oljeproduserande land.

– Skal vi nå klimamåla er det ikkje rom for å leite etter meir olje og gass – nokon stad. Derfor vil det ha ei enorm betydning om Noreg stansar alle nye leitelisensar, seier forbundsleiaren, som er ein av initiativtakarane bak kravet.

Også Amnesty Norge, Redd Barna, Mellomkyrkjeleg råd, WWF Verdsnaturfondet, Framtiden i våre hender, Besteforeldrenes klimaaksjon, Changemaker, Natur og ungdom og Spire stiller seg bak kravet.

– Noreg ligg milevis unna å nå eige klimamål. Både EU og dei skandinaviske nabolanda våre ligg langt betre an med klimaforpliktingane sine. Det er på høg tid at regjeringa legg ein forpliktande plan for korleis vi skal greie å omstille oss vekk frå olje og gass i tråd med menneskerettane, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty Norge.