14-åringar kan mindre om demokrati enn før

Ei ny undersøking viser ein nedgang i kunnskap om demokrati og medborgarskap blant norske elevar.

NPK-NTB
Publisert

Norske elevar snakkar meir om politikk, samfunnsspørsmål og kva som skjer i andre land enn før. Likevel viser den internasjonale undersøkinga ICCS at for første gong går resultata ned når det gjeld kor mykje norske 14-åringar kan om demokrati og medborgarskap.

– Desse resultata bekymrar meg. Demokratiet er under press i mange land, også i Noreg. Å førebu elevane på å delta i demokratiet er eit av skulens aller viktigaste samfunnsoppdrag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

Meiner sosiale medium påverker sterkt

Nordtun set spørsmålsteikn ved evna skulen har til å tilpasse samfunnsendringane dei siste åra og framveksten av sosiale medium.

– Mellom anna får unge i dag dessverre i stor grad nyheiter gjennom medium som er algoritmestyrte framfor redaktørstyrte medium. Det stiller nye krav til skulen, seier Nordtun.

Nye læreplanar skal bidra til endring

Ho meiner skulen i større grad må bidra til at elevane får balansert informasjon slik at falske nyheiter og antidemokratiske synspunkt møtest med forskingsbasert kunnskap og kritisk tenking.

Hausten 2020 fekk skulen nye læreplanar, og demokrati og medborgarskap er no eitt av tre tverrfaglege tema.

– Dette meiner eg er eit viktig grep som enno ikkje har fått verke fullt ut, seier Nordtun.