Martine (19) hjelper Fædrelandsvennen å engasjera unge

Ein ny ung-redaksjon hos avisa Fædrelandsvennen vitjar skular og skal få unge til å ytre seg meir.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Ein følar at ein er med på å jobbe med noko meiningsfylt, når me tek tak i ei gruppe som kanskje ikkje mange medium får heilt til å ta tak i eller har så mykje tid og ressursar til å bruke på, fortel Martine Hultin Holte på telefon til Framtida.no.

19-åringen og kollega Joel Nziza (19) er to av ung-journalistane i regionavisa Fædrelandsvennen sitt nye prosjekt Fvn Ung. Saman med tre andre journalistar trenar dei drygt 4000 elevar i vidaregåande skule å engasjere seg i den offentlege debatten.

Holte og Nziza kjem rett frå vidaregåande, og har sidan august jobba fulltid med å styrke ytringsmot blant unge. 

Det gjer ung-teamet mellom anna gjennom å skrive saker om unge. Dessutan kan lærarar på skulane som er med i prosjektet booke eit besøk frå teamet, kor dei snakkar om mellom anna presseetikk, ytringsfridom, kjeldekritikk og kvardagen som journalistar.

– Det er veldig gøy å kunne intervjue og prate med ungdom, og besøkje dei i klasserommet for å komme tettare på dei, seier Holte.

Veit ikkje korleis dei skal ytra seg

Dei to ung-journalistane er tett på målgruppa dei formildlar prosjektet til, og veit kva som rører seg.

Holte meiner at problemet ikkje er at det ikkje finst engasjerte ungdommar, men heller at dei ikkje heilt veit korleis dei skal ytre seg. Dessutan trur ho at media slit med å få tak i dei unge, og gi dei ein plattform kor dei kan ytra seg og samstundes bli varetatt.

– Når me er i klassebesøk og intervjuar unge så merkar me at om me tek initiativ og spør dei om kva dei interesserer seg for, så har dei veldig mykje på hjartet. Unge veks opp med sosiale medium som sin hovudplattform, og der opplever mange hets og ufine kommentarar. Det kan hindre dei i å tørre å ytre seg andre satder også, fortel ho.

Ein vinn-vinn situasjon

Klassebesøka gir regionavisa Fædrelandsvennen mogelegheita til å knyte til seg unge stemmer som dei elles ikkje ville møtt i så stort tal, og dessutan engasjerte lærarar som oppfordrar elevane sine til å sende inn debattinnlegg til avisa.

– Det er ein vinn-vinn situasjon, forklarar Christina Østtveit.

Østtveit er leiar for ung-prosjektet, og fortel at dei starta satsinga på bakgrunn av at ungdommane som teamet har snakka med beskriv ein høg terskel for å ytre seg i samfunnsdebatten.

– Både fordi dei ikkje tørr og er redde for å bli hengt ut på sosiale medium, men også redde fordi dei ikkje følar at dei kan nok og ikkje har kunnskap nok om det som skjer rundt. 

Samarbeid med stiftingar og lokale bedrifter

Prosjektet er eit samarbeid med Agder fylkeskommune, kor knaggen er at demokrati og medborgarskap er ein tverrfagleg del av læreplanen.

Elevar frå alle vidaregåande skular i Kristiansand og Vennesla får gjennom prosjektet eit abonnement på fvn.no. Dette er mellom anna støtta av lokale samarbeidspartnarar, og stiftelsen Fritt Ord.

– Dei lokale bedriftene og stiftingane som har valt å vere med på dette prosjektet ser at me treng å vere på same lag, for dei har også eit ynskje om å få dei unge meir engasjert. Det er eit generasjonsansvar. Det er klart at det har mykje å seie at fleire heng seg på, forklarar leiar Østtveit.

Ei satsing frå heile huset

Ideen til prosjektet oppstod i debattredaksjonen kor dei lenge har jobba med å fokusere på å engasjere dei unge.

– Det å klare å engasjere dei unge er eit evigvarande spørsmål i alle redaksjonar. Då skjønte me at her må me faktisk gå inn fysisk i klasseromma og fysisk hjelpe dei der dei er, fortel debattjournalist Johanne Ousdal.

Ousdal er ikkje ein del av ung-teamet, men samarbeider tett med prosjektet frå debattredaksjonen. Østtveit understrekar at sjølv om det er ung-teamet som i hovudsak arbeidar med prosjektet, er det ei satsing frå heile huset, kor ung-teamet samarbeider med fleire avdelingar.

Vil ha saker frå og med dei unge

Det overordna målet med prosjektet er at det skal bli lettare for unge å heve stemma si.

– Det skal bli trygt, fint og ein lågare terskel for å ytre seg, seier Ousdal.

Det gjer dei både i debattsamanheng, men også gjennom nyheitssaker. Fokuset i ung-teamet er at når dei skriv saker som handlar om unge, så er det også dei som dei må snakke med.

– Altfor ofte skriv me dei sakene kor me berre snakkar med vaksne, og det ynskjer me å ha ein slutt på. Då må me klare å nå ut til dei unge på ein måte som gjer at dei skjønar at det er gøy og trygt å gå til ei avis, fortel teamleiaren.

Gjennom abonnementet til fvn.no håpar teamet å skape eit forhold mellom dei unge og ein nyheitsnettstad, og dessutan at dei kan følgje opp det som skjer i lokalsamfunnet for å kunne delta i samfunnsdebatten.

– Målet er ikkje nødvendigvis at dei skal bruke fvn.no mykje meir, men at dei brukar i alle fall fem minutt av dagen sin til eit redaksjonelt medium. Då har me gjort noko riktig, seier Østtveit.

Håpar prosjektet kan inspirere andre

Både Ousdal og Østtveit håpar at fleire mediehus heng seg på liknande prosjektet, og delar gjerne erfaring frå sitt eige.

– Me er veldig transparente her, og ynskjer å dele kunnskap. Det er eit bransjeproblem, det å nå dei unge. Å skape eit forhold mellom unge og redaktørstyrte media er noko som er viktig for heile bransjen, seier Østtveit.

Basert på responsen ung-teamet har fått er dei klar på at prosjektet er noko Kristiansand treng. Sjølv om elevane kan vere litt sjenerte under klassebesøka, kjem dei med gode tilbakemeldingar i etterkant.

Det å kunne introdusere og lære vekk kva ho jobbar med til unge på hennar alder synest ung-journalist Holte er givande.

– Dersom me er i eit klasserom og berre får overtydd ein person om at deira meining er viktig, og at det er nokon der som vil at dei skal tørre å ytre seg og seie si meining, eller om me inspirerer berre ein til å lese meir nyheiter eller sjå meir mot journalistikken, då har me lykkast, tenkjer ho.