Real Madrid-stjerna Vinícius Júnior skal leia ny komité for antirasisme

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Real Madrids Vinícius Júnior vil leia ein spesiell Fifa-komité for antirasisme beståande av spelarar som vil føreslå strengare straffer for diskriminerande oppførsel i fotball, sa president Gianni Infantino til Reuters torsdag.

Vinícius Júnior har dei siste månadene fått mykje merksemd for heilt andre ting enn solide fotballprestasjonar.

Under kampen mot Valencia den 21. mai i år fekk Vinícius fleire rasistiske tilrop. Real Madrid-trenar Carlo Ancelotti gjekk ut i den spanske avisa Marca og fortalde at Vinícius Júnior skal ha blitt kalla «apekatt, apekatt, apekatt»

– Det var ikkje første gong, ikkje andre og ikkje tredje. Rasisme er normalt i La Liga, skreiv Vinícius Júnior på Instagram i etterkant av hendinga.

Det fekk presidenten i den spanske ligaen, Javier Tebas Medrano, til å fyre på alle pluggar.

– Før ein kritiserer og rammar La Liga er det nødvendig å få fram riktig informasjon. Ikkje la dokker manipulere og sørg for at dei forstår kvarandre og det arbeidet vi har gjort saman, svarte Tebas på Twitter.

Infantino sa også til Reuters at i tillegg til å bruke disiplinær- og konkurransestraff, vil Fifa ta rettslege skritt mot dei involverte i land der rasisme skjer i fotballkampar.

– Det er umogleg å tolerere dette lenger. Vi treng hjelp og støtte frå myndigheitene, fordi rasistane må bli identifiserte, arresterte og utestengde på livstid frå alle stadiona i verda.