Even (18) er ny i kommunestyret – sikra medelevane vaksine

Mindretalet av norske kommunar tilbyr gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. I Ringerike og Jevnaker får årets avgangselevar tilbod om gratis vaksine.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.11.2023 08:11

– Fleirtalet av elevar i Noreg kjem frå kommunar som ikkje tilbyr gratis vaksine. Det er synd at ein kan gå på ein skule der ein elev i klassen får, medan ein annan ikkje får tilbodet fordi dei kjem frå nabokommunen, seier Jacobsen.

Det seier Even Jacobsen (V) på telefon til Framtida.no.

– Ingen unge liv og miste

18-åringen frå Ringerike er fersk kommunestyrepresentant i heimkommunen og har fått sitt første gjennomslag.

Gruppeleiaren i Ringerike Venstre har fått formannskapet i kommunen til å gå inn for gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse for alle avgangselevar frå kommunen.

– For det første har me ingen unge liv og miste, og me veit at det er ein risiko for at unge vel å ikkje ta vaksinen om dei må betala sjølv. 500 kroner er ei stor utgift i tider som dette når mange har dårleg råd, meiner 18-åringen.

Rundt 350 avgangselevar vil få tilbodet om vaksinen allereie før jul, men målet er at vaksineringa etterkvart skal starta allereie i tiandeklasse på ungdomsskulen.

18-åring døydde

Venstre-politikaren fortel at fleire har oppmoda han om å ta saka, og vart ekstra engasjert etter den tragiske saka der ein 18 år gamal elev frå Bærum døydde som følgje av svært smittsam hjernehinnebetennelse.

18-åringen vart smitta av ein type hjernehinnebetennelse som er mindre vanleg i Norden, som ein tilrår å vaksinera seg mot om ein til dømes skal utanlands med russekullet.

FHI anbefaler unge i alderen 16–19 år å ta ACWY-vaksine mot den typen hjernehinnebetennelse som er mest utbreidd i Noreg. Det er denne vaksinen avgangselevane no får tilbod om.

Mindretalet av kommunar har gratis vaksine

Hjernehinnebetennelse er svært alvorleg og kan fort bli livstrugande. I verste fall kan pasienten døy, men sjølv med riktig sjukehusbehandling med antibiotika kan sjukdommen forårsaka varig skade.

Sjukdommen kan smitta via spytt. Ein lengre periode med fest og alkohol tett saman med andre, aktiv eller passiv røyking, lite søvn og kulde, gjer at russen er ekstra utsett for smitte.

Hjernehinnebetennelse (meningitt)

  • Hjernehinnebetennelse (meningitt) er ein livstrugande sjukdom oftast skuldast virus eller bakteriar som skapar betennelse i hinnene rundt hjernen og ryggmergen
  • Tidlege symptom er hovudpine, feber, kvalme, svimmelheit, lyssensitivitet og stiv nakke
  • Hjernehinnebetennelse på grunn av bakteriar kan få alvorlege konsekvensar som hjerneskade, døvheit elleri verste fall død som følgje av blodforgifting (sespsis) og organsvikt
  • Om betennelsen er forårsaka av bakteriar må det behandlast med antibiotika
  • Om hjernehinnebetennelsen er forårsaka av virus, går det som regel over etter 1–2 veker
  • Meningokokkar og pneumokokkar er dei vanlegaste bakteriane som forårsakar hjernehinnebetennelse
  • Det finnast i hovudsak to typar hjernehinnebetennelse

I fjor gjennomførte LHL ei rundspørjing til kommunane for å høyra kor mange av desse som tilbyr gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. 88 prosent av kommunane svarte.

Organisasjonen slo med det fast at berre 131 av landets 356 kommunar tilbydde gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse.

Jacobsen skulle aller helst sett at alle unge i heile landet fekk tilbodet. Han peikar på at russen møtest på nasjonale landstreff, og kan smittast over kommunegrenser.

– Eg synest det er utruleg urettferdig at nokon får gratis vaksine og andre ikkje, seier Even Jacobsen (V). 

Vaksine mot hjernehinnebetennelse

  • ACWY-vaksinen er ein kombinasjonsvaksine mot meningokokk serogruppe A, C, W og Y (Menveo, Nimenrix eller MenQuadfi), som beskyttar mot dei vanlegaste meningokokkbakteriane.
  • Vaksine mot meningokokk serogruppe B (Bexsero eller Trumenba) beskyttar mot dei mindre vanlege bakteriane.

Kjipt at nokre ikkje får

– Eg tenkjer at tilbod om gratis vaksine bør vera for alle frå 16 år og oppover uavhengig om du er russ eller ei, nettopp fordi dei fleste ungdommar er tett oppå kvarandre og uavhengig av kva kommune du kjem frå, understrekar Agnes Midtlie.

18-åringen frå Jevnaker er russepresident ved Hønefoss videregående skole i Ringerike kommune.

– Me er jo eitt russekull som skal feira russetida saman, og då synest eg det er kjipt for dei som ikkje får vaksinen, seier russepresident Agnes Midtlie.

Då Framtida.no snakka med Midtlie var ho ei av dei som ikkje fekk tilbod om vaksinen på grunn av kommunegrensa, men etter Framtida.no kontakta Jevnaker kommune har dei annonsert at òg dei vil innføra gratis vaksinering av årets russekull og lærlingar.

Òg Hole kommune følgjer opp og vil tilby elevane vaksine mot hjernehinnebetennelse, og utvida tilbodet til å etterkvart inkludera tiandeklassingane.

Russepresidenten meiner det er viktig å informera om vaksinen, og at nokon kan få ho gratis.

– Eg tok ho faktisk på førehand fordi eg ønskte å ha ho. Det er lurt for alle å ta, men spesielt me som er eit kull som skal feira russetid saman. Uansett om du er på van, buss eller er vandreruss, så er det store gjengar som er tett på kvarandre, understrekar Midtlie.

Frykta ho var sjuk

18-åringen opplevde sjølv å bli svært dårleg etter 17. mai-feiringa i år og oppsøkte legen i frykt for om det kunne vera hjernehinnebetennelse. Opplevinga har gjort at ho ser viktigheita av vaksinen.

– Det er veldig viktig, spesielt for oss som er russ, men personleg synest eg det burde bli snakka om allereie i første klasse på vidaregåande fordi det er då ein gjerne byrjar med festing og store gjengar samlar seg på ein stad.

– Er du redd for at ikkje alle på kullet ditt kjem til å ta vaksinen?

– Ja, eg tenkjer jo på at det kan vera nokon som ikkje har moglegheit til å ta ho fordi det kostar pengar. Kanskje har dei ikkje økonomi til det fordi dei må betala sjølv, eller fordi foreldra ikkje har økonomi til det, seier russepresidenten.

60 prosent vaksinasjonsgrad

Overlege ved Folkehelseinstituttet, Karine Nordstrand, viser til at Folkehelseinstituttet i fjor vurderte om ACWY-vaksine burde vera eit gratis for alle ungdommar gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

– Rapporten konkluderer med at det vil gje både individuell og samfunnsmessig nytte, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

FHI reknar med at det vil kosta om lag 22,3 millionar kroner årleg å vaksinera alle landets tiandeklassingar.

Saka er til behandling

Overlege ved Folkehelseinstituttet, Karine Nordstrand. | Foto: FHI

I 2023 hadde 60 prosent av 18-åringane i Norge blitt vaksinert med éin dose meningokokk ACWY-vaksine. Delen 18-åringar som tek denne typen vaksine mot hjernehinnebetennelse har auka sidan 2011, viser tal frå SYSVAK (Nasjonalt vaksinasjonsregister).

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat, viser til at det i dag ikkje er eit nasjonalt tilbod om vaksine, men at nokre kommunar tilbyr vaksinen anten gratis eller til redusert pris.

– Folkehelseinstituttet har gjort ei metodevurdering av tilbod om vaksine mot hjernehinnebetennelse til ungdom. Dei har vurdert sykdomsbyrde, tryggleik og effekt av vaksinen, og kostnadseffektiviteten av tiltaket. Helse- og omsorgsdepartementet tok imot metodevurderinga rett før sommaren, og saka er no til behandling i departementet, svarar han i ein e-post via pressetenesta.

Han kan ikkje seia noko om når saka er ferdigbehandla.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat. | Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS

– Det er viktig med kunnskap om meningokokksjukdom og korleis ein kan beskytta seg. Det er gledeleg at mange kommunar har gode tilbod til ungdom som bidreg til at mange er vaksinert mot hjernehinnebetennelse i dag.