Filmmelding: A ballad of Songbirds and Snakes – Sjokkeffekt trumfar god historieforteljing

For fans av The Hunger Games er det eit underhaldande gjensyn i kjent miljø, meiner filmmeldar Heidi Berakvam.

Heidi Berakvam
Publisert

På tidleg 2010-talet var dystopiske filmar om tenåringar som slost mot eit totalitært regime heit vare.

Filmen som starta det heile var The Hunger Games. Ei forteljing om Katniss Everdeen som må kjempa for livet mot 23 andre ungdommar på direktesendt TV. Ei straff dei 12 distrikta må tole for den gongen dei gjorde opprør mot hovudstaden.

Les fleire meldingar her!

Blodige kampar, grufull politikk og skjebnesvangre val

Drygt elleve år etter første film kjem forløparen til serien på lerret. The Hunger Games: The Ballad of Songbirds and Snakes er sett 64 år før forteljinga om Katniss Everdeen. Me følgjer ein ung mann ved namn Coriolanus Snow (Tom Blyth), som saman med sine klassekameratar får sjansen til å påverka dei tiande dødsleikane.

Programmet lir nemleg av dårlege sjåartal og står i fare for å bli avlyst.

Klassen blir tildelt kvar sin rekrutt som dei skal vera mentor for under dei kommande leikane.

Snow trekk det kortaste strået og må vera mentor for ei sær, syngande jente frå distrikt 12, Lucy Gray Baird (Rachel Zegler). Men Lucy Gray er ein naturleg entertainer, og Snow spelar på sjarmen hennar for å snu sjansane deira i leikane.

Filmen er delt i tre delar, før, under og etter leikane. Og den skyr ikkje unna dei grufulle og dystre temaa me hugsar frå dei tidlegare filmane. Det er blodige kampar, grufull politikk og skjebnesvangre val som må takast frå start til slutt. Likevel kjennest handlinga tynn og karakterane hole. Sjokkeffekt trumfar god historieforteljing og overdriven dramatikk er viktigare enn ekte karakterutvikling.

God setting – tynt manus

Mykje handling blir servert gjennom overtydelege replikkar.

Den elles så solide Peter Dinklage som spelar den morfinavhengige skaparen av leikane, rektor Highbottom, greier heller ikkje gjera godt skodespel av tynt manus. Heldigvis verkar den eksentriske doktor Volumnia Gaul (Viola Davis) og den vittige TV-verten Lucretius «Lucky» Flickerman (Jason Schwartzmann) som lyspunkt i ei elles så dunkel forteljing.

Tom Blyth gjer si største rolle hittil som Coriolanus Snow. Glimtvis ser me korleis Snow utviklar seg frå ein familiekjær ung mann til den tyranniske presidenten av Panem, slik me kjenner han frå dei tidlegare filmane. Men både på grunn av dei mange handlingstrådane me galopperer gjennom og noko svak prestasjon frå Blyth kjennest utviklinga falsk. Særleg blir romansen mellom Snow og Baird offer for alle handlingstrådane som må festast.

Ein får ikkje nok tid til å verta investert i forholdet, og det heile kjennest platt.

Filmens beste element er derimot settinga. Me er i dødsleikane si spede byrjing, i ein hovudstad og eit land som framleis bygger seg opp etter ein destruktiv krig.

Arenaen er mindre, teknologien er ofte defekt og leikane er langt frå det overdådige sirkuset det ein dag skal bli.

For fans av The Hunger Games er det eit underhaldande gjensyn i kjent miljø. Med mykje vald og spenning. Dessverre mislykkast filmen i å attskapa den politiske og emosjonelle intrigen frå den første.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.