Australia vil huse klimaflyktningar frå Tuvalu

Landets statsminister varslar ein plan for å ta imot innbyggjarar frå den sårbare stillehavsøya.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Australia planlegg å gi innbyggjarar frå øynasjonen Tuvalu eit spesielt visum for å kunne bu landet. Det melder The Guardian.

Tuvalu er ei lågtliggjande øygruppe i Stillehavet som er særskilt sårbar for konsekvensane av klimaendringane og auka havnivå. Det bur rundt 11 200 personar på dei ni øyane som utgjer Tuvalu, ifølgje avisa.

Klimavisumet er ein del av ein ny avtale mellom dei to nasjonane. I den nye avtalen, kjem det fram at Australia årleg vil tilby opp til 280 personar permanent opphald. Dei vil òg hjelpe innbyggjarane på Tuvalu å kunne bli i heimane sine på ein trygg måte.

Statsministeren på Tuvalu, Kausea Natano, har skildra seg som leiar for eit land som kjem til å vere under vatn viss verda ikkje taklar klimakrisa.

Sikkerheitspartnarar

Avtalen inneber vidare at dei to landa blir «sikkerheitspartnarar», fortel den australske statsministeren Anthony Albanese. Australia tilbyr Tuvalu ein sikkerheitsgaranti når det kjem til naturkatastrofar, pandemiar eller militære trugslar mot Tuvalu.

Til gjengjeld må øynasjonen vere samd med Australia dersom dei vil inngå ein avtale med eit anna land når det kjem til tryggleik. Australias militære kan òg vere til stades på Tuvalu dersom det blir rekna som naudsynt for å hjelpe dei.