Fleirtal meiner Erna Solberg ikkje kan halde fram som statsministerkandidat

Seks av ti nordmenn meiner Høgre-leiar Erna Solberg ikkje kan stille som Høgres statsministerkandidat i neste stortingsval.

NPK-NTB
Publisert

Ein av tre Høgre-veljarar seier det same. Det viser ei undersøking frå Opinions samfunnsmonitor.

– Uansett partitilhøyring, så meiner ein stor del at Solbergs dagar som statsministerkandidat kan vere talte. Dette gjeld også i Høgres eigne rekkjer, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

I alt svarer 62 prosent av befolkninga nei på om dei synest at Erna Solberg kan stille som Høgres statsministerkandidat i neste stortingsval, medan 32 prosent seier ja og resten veit ikkje.

Høgreveljarane ønskjer framleis Solberg

Blant Høgres veljarar svarer 60 prosent ja på at Erna Solberg kan stille som Høgres statsministerkandidat i neste stortingsval. Blant Arbeidarpartiets veljarar er det derimot berre 22 prosent som seier ja.

– Ikkje uventa er det veljarar på venstresida som i størst grad synest at Erna Solberg ikkje kan stille som statsministerkandidat, medan fleirtalet av veljarar på borgarleg side meiner ho framleis kan, seier Clausen.

Økokrimkunngjering fredag

Klokka 10 i formiddag kunngjer Økokrim om dei skal etterforske aksjehandlane Sindre Finnes gjorde medan Erna Solberg var statsminister.

Undersøkinga er gjennomført i Opinions samfunnsmonitor, i eit landsrepresentativt utval av befolkninga på 1000 personar i oktober 2023.