Tonje Brenna er Noregs mektigaste kvinne, ifølgje Kapital

For 17. år på rad har businessbladet Kapital kåra Noregs 100 mektigaste kvinner. Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (36) toppar årets liste.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldri før har det vore større utskiftingar på lista, og aldri tidlegare har ei så ung kvinne gått heilt til topps.

– Kapital gratulerer arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (36) som Noregs mektigaste kvinne, seier redaktør Vibeke Holth. Kapital-redaksjonen grunngir rangeringa av 36-åringen frå Jessheim som den mektigaste kvinna i landet, slik:

Suveren kronprinsesse

– Som arbeids- og inkluderingsminister har Brenna det øvste politiske ansvaret for at vi har ein velfungerande arbeidsmarknad i Noreg. Ho er dessutan politisk ansvarleg for Nav, øvste leiar for Arbeidstilsynet, Arbeidsretten, Trygderetten, Riksmeklaren, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Statens pensjonskasse, påpeikar Holth.

Ho peikar også på at som nestleiar i Ap og den no suverene kronprinsessa i partiet, har Brenna stor innverknad over Arbeidarpartiets politikk.

– Og med handa si over arbeidsmarknaden er ho i ein genuin posisjon til å tekkjast det mektige LO-systemet, som jobbar iherdig med å få gjennomslag for kjernesakene sine på arbeidsfeltet, seier redaktør Holth.

Fleire namn ut

Utanriksminister Anniken Huitfeldt, som Kapital opphavleg hadde rangert som Noregs mektigaste kvinne, fell heilt ut av maktlista etter at ho mista vervet som utanriksminister. Det same gjer tidlegare kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen og tidlegare arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen, som i fjor vart rangert som Noregs sjuande mektigaste kvinne.

Kapitals liste over Noregs mektigaste kvinner blir elles prega av mange nye namn, som kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth og digitaliseringsminister Karianne Tung.

Holth trekkjer også fram at alle dei ni parlamentariske leiarane på Stortinget er kvinner.