Saudi-Arabia einaste søkjar til fotball-VM – Klaveness kritiserer Fifa
Fotballpresident Lise Klaveness meiner det ikkje har vore reell konkurranse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag vart det kjent at Australia droppar å søkje om å få arrangere fotball-VM for herrar i 2034. Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) stadfestar at Saudi-Arabia dimed står att som einaste søkjar.
Noregs fotballpresident Lise Klaveness har mange spørsmål om prosessen som har leia til at golfstaten er einaste kandidat.
– Det ser ikkje ut til å ha vore ein reell konkurranse om å arrangere VM i 2030 og 2034, og det verkar som Fifa-presidenten har vore svært aktiv i å sørgje for at dette blei resultatet, seier ho til NTB.
Meisterskapet i 2030 skal bli spelt i Uruguay, Argentina og Paraguay, og så vidare i Spania, Portugal og Marokko.
Menneskerettar
Klaveness er uroa over at tildeling av meisterskap reelt sett ikkje skjer i den offisielle prosessen, og meiner viktige avgjerder blir fatta i andre samtalar og lukka forum.
– Ein annan uheldig konsekvens er at når tildeling i praksis skjer før tildelingsprosessen er gjennomført, så blir det politiske presset på arrangørnasjonar til å levere og konkurrere på tildelingskriteria redusert, som krav til å etterleve grunnleggjande menneskerettar, held Klaveness fram til nyheitsbyrået.
I 2022 vart fotball-VM arrangert i Qatar. Då blei vertsnasjonen kritisert for brot på menneskerettane og sportsvasking og Fifa skulda for korrupsjon i tildelingsprosessen.
Fifa har opplyst at søknaden frå Saudi-Arabia skal bli grundig evaluert opp mot gitte kriterium.