Redd Barna: Kvart kvarter blir eit barn drepe på Gazastripa

I løpet av halvanna veke er over 1000 barn drepne i luftangrep mot Gaza, ifølgje Redd Barna. Det svarer til eitt barn kvart kvarter.

NPK-NTB
Publisert

– Barn utgjer ein tredel av alle omkomne, seier organisasjonen, som ber om omgåande våpenkvile på i den omleira enklaven.

I tillegg er minst 1300 personar drepne i Israel, der talet på drepne barn ikkje er stadfesta av offisielle kjelder, men der barn er hardt ramma, skriv Redd Barna i ei pressemelding tysdag 17. oktober.

Organisasjonen seier den «fullstendige omleiringa» av Gaza held fram, og at ein allereie alvorleg humanitær situasjon stadig blir verre og behova endå større.

FNs nødhjelpsorganisasjon (UNRWA) har åtvara mot at Gaza er i ferd med å gå tom for reint vatn, samtidig som det ikkje er mogleg å få inn nødhjelp og nødvendige varer.

Folk – særleg små barn – står i fare for å døy av alvorleg uttørking om kort tid, åtvarar FN-organet.

– Vatnet er i ferd med å ta slutt, og tida er nesten ute for barna i Gaza. FNs tryggingsråd er venta å møtast i dag, og det må bli semje om ei våpenkvile for å redde barns liv. Utan eit opphøyr i kampane, heng tusenvis av barns liv i ein tynn tråd, seier Redd Barnas landsdirektør Jason Lee.

Medan det blir meldt om at den israelske regjeringa har opna opp vassforsyninga til Gaza 15. oktober, gjer mangelen på straum at mange pumper ikkje fungerer.

I Egypt står Redd Barna parat til å sende forsyningar inn til Gaza i samarbeid med Egypts Røde Halvmåne så fort det blir oppretta ei trygg rute over grensa for nødhjelp.

Så langt er det verken semje om våpenkvile eller ei opning av grensa.