Politikk og samfunn

«Ei bøn om fred og frigjering»

Viss det skal verta fred mellom folka i Midtausten, må alle vera frie, skriv Laura Kursula (16).

Laura Kursula (16)
Styremedlem i Bergen Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Krigens demon har endå ein gong brote ut i Palestina. Det byrja med eit åtak frå den islamistiske samskipnaden Hamas frå Gazastripa. Hamas har drepe sivile, inkludert å skyta laus på ein musikkfestival. Samstundes kjem handlingane og ytringane til dei israelske styresmaktene stadig nærmare folkemord.

Fleire statar i Vesten går hardt inn for Israel si side, medan visse land i Midtausten, og einskilde menneske på sosiale medium, hyllar Hamas sitt angrep. I Noreg tok utanriksministeren eit meir balansert standpunkt, men alle er ikkje samde i det: Kristeleg folkepartis ungdom vil helst kutta av all støtte til Palestina.

Ingen av sidene verkar særleg innbydande, men eg håpar at det likevel finst nokre konklusjonar å draga her, trass i heile denne lidinga og vondskapen.

quote-left

Åtak mot sivile er vondskap. Uansett kva side av grensa dei bur på, og kva side ein sjølv støttar.

quote-right

Åtak mot sivile er vondskap. Uansett kva side av grensa dei bur på, og kva side ein sjølv støttar. Å drepe uskuldige menneske er uansett samanheng noko djupt umenneskeleg.

Ein som hyllar eller godtek slikt er sjølv vorten kald i hjartet og har mista respekten for menneskeverdet. Men korleis er det eit heilt menneske vert til nokon som gjer noko så umenneskeleg?

I 16 år har Gazastripa vore under blokade frå Israel, altså har Israel så godt som isolert dei 2 millionar innbyggarane frå resten av verda.

quote-left

Kva kallar ein eit fengsel der folk vert stengde inne på ubestemt tid på grunn av etnisiteten sin?

quote-right

Mange av Framtida sine lesarar er 16 år gamle eller yngre, meg inkludert.

Viss eg var fødd i Gaza, ville eg ha vakse opp – ja, levd heile livet mitt i det som ifølgje Human Rights Watch er eitt stort fengsel. 70 prosent av fangane er ikkje frå Gazastripa, men vart fordrivne der då Israel okkuperte heimstadane deira. Og dei er ikkje der fordi dei er dømde for noko.

Kva kallar ein eit fengsel der folk vert stengde inne på ubestemt tid på grunn av etnisiteten sin?

Det ville vore ei grov undervurdering å seia at menneska i Gaza har grunn til å kjenna seg maktlause og desperate. Då er det ikkje vanskeleg å tenkja seg at dei har lettare for å verta lokka inn av ei gruppe som Hamas; ei gruppe som Israel forresten var med på å finansiera, med mål om å stifta usemje og svekkja den venstrelente PLO.

Israel har altså ikkje berre skapa tilhøva i Gaza som leiar til valdeleg motstand, men staten har òg direkte støtta gruppa som er ansvarleg for å retta desse utbrota mot den sivile befolkninga i Israel.

Etter åtaka frå Hamas gjekk Israel til ein fullstendig offensiv mot dei sivile i Gazastripa. Forsvarsministeren til Israel varsla om ein komplett blokade av Gaza, medrekna mat, drikkevatn, straum og drivstoff. I utsegna si kalla han palestinarane for «menneskelege dyr».

Samstundes bombar Israel sivile mål i Gaza, blant anna eit sjukehus, ein ambulanse og minst to flyktningleirar. Israel har ifølgje Human Rights Watch brukt kvit fosfor i Gaza – eit krigsbrotsverk.

quote-left

Viss det skal verta fred mellom folka i Midtausten, må alle vera frie.

quote-right

No førebur hæren ein bakkeinvasjon mot Gaza, og har kravt at 1,1 millionar menneske i nordre Gaza vert evakuerte sørover innan 24 timar. Bebuarane på si side er redde for ein ny nakba – ei massefordriving av palestinarar frå heimane sine. FN skildra ordren med ord som «katastrofe» og «øydeleggjande».

Under desse omstenda er det vanskeleg for meg å koma fram til noko anna enn at styresmaktene i Israel faktisk har som eit føremål å undertrykkja palestinarane. Dei nyttar kvart høve til å spreia meir død og sorg over ei folkegruppe dei ser som undermenneskeleg.

Viss det skal verta fred mellom folka i Midtausten, må alle vera frie. Frie frå undertrykkinga til dei nasjonalistiske høgrekreftene i Israel – frie frå dei islamistiske høgrekreftene i Gaza.

Skal det vera noko von om å enda krigen om Levanten, krevst det eit valdsamt oppgjer med harmen og traumaa som heng over heile området – men aller viktigast, med det israelske statsapparatet, som no sår hat og trauma i Kanaan.

Avslutningsvis har eg ei oppmoding til alle som les dette, særleg dei av oss som føler seg nomne av krigsnyhenda.

Ta deg tida til å sørgja over offera i denne krigen.

Ta inn over deg verdet til eit menneskeliv, la vekta av tapet deira skylla over deg.

Be om fred – det treng ikkje vera på eit religiøst sett.

Innsjå at undertrykking avlar vald. Folkefrigjering gjev folkefred.

Dyrk menneskets verd.

Vi deg til strid.