Fosen-demonstrantane møter kongen

Aksjonistane får audiens hos kongen måndag.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– At kongen vil møte oss er vi så takknemlege for. Vi har forsøkt alt.

Det uttalar Elle Nystad, leiaren av NSR-Nuorat, i ei pressemelding etter at det vart klart at Fosen-aksjonistane måndag får audiens hos kongen.

11. oktober starta samiske aktivistar ein ny aksjon i Oslo. Då var det gått to år sidan Høgsterett slo fast at vindmølleparken på Fosen strir med samane sine urfolksrettar.

Elle Nystad. Foto: NSR-N

Nystad peikar på at dei ikkje har nokon annan stad gå, etter at dei har forsøkt å få departement og ministrar til å ta ansvar, selskapa til å finne ei løysing og Stortinget til å innsjå at rettsstaten er i fare.

– Desse har til no svikta ansvaret sitt, og at dei tar det på alvor er kritisk for samane på Fosen, for unge samars tillit til makta, og for den norske rettsstaten. Vi håpar Hans Majestet vil lytte til oss og minne den ansvarlege staten på ansvaret sitt. 

Tradisjon

I førespurnaden dei sende til kongen skriv aktivistane at det er ein samisk tradisjon å gå rett til kongen og snakke direkte frå eit folk til eit anna.

«I fleire generasjonar har vårt folk bede kongen om hjelp når ingenting anna har hjelpt i ein fortvilt situasjon.» 

Ella Marie Hætta Isaksen framføre Slottet. | Foto: Rasmus Madsen Berg/Natur og Ungdom

Avsluttar for no

Søndag avslutta Fosen-demonstrantane aksjonen dei har hatt i samband med at det er to år sidan Høgsterettsdommen. Mihkkal Hætta, som har budd i ein lavvo framføre Stortinget, har pakka saman og flyttar heim att.

Men éin lavvo står framleis framføre Slottet. Han vil stå der til aksjonistane har hatt audiens hos kong Harald.