Jon Fosse får nobelprisen i litteratur: – Overvelda

Fosse er første nordmann som vinn prisen sidan Sigrid Undset.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 09.10.2023 10:10

Jon Fosse får nobelprisen i litteratur for 2023. Det er første gong ein forfattar som skriv nynorsk vinn prisen.

– Eg er overvelda, og svært glad og takksam, seier Fosse i ei pressemelding frå Samlaget.

– Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen.

Jon Fosse

Fødd: 1959

Frå: Strandebarm

Forlag: Det Norske Samlaget

Språk: Nynorsk

Debutroman: Raudt, svart (1983)

Fosse er best kjent internasjonalt som dramatikar, men har skrive både romanar, dikt, essay og barnebøker.

Dei siste åra har verket Septologien fått mykje merksemd i både inn- og utland.

Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda.

Tidlegare prisar inkluderer Nordisk råds litteraturpris, Brageprisen og Kritikarprisen.

Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award, og har vore favoritt til Nobels litteraturpris i ei årrekkje.

Kjelde: Samlaget

– Uendeleg stolte

Også forlaget til Fosse, Samlaget, er glad for prisen.

– Vi er uendeleg stolte over at Fosse får nobelprisen i litteratur. Sidan Fosses litterære debut i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing, skriv Edmund Austigard.

Han er forlagsdirektør i Det Norske Samlaget.

– Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.

Fleire i forlaget er overvelda.

– Det er nesten ikkje til å tru at han har blitt tildelt nobelprisen. Eg skjelv på hendene. Eg kunne ikkje blitt meir glad enn eg er no, seier redaktør i Samlaget Cecilie Nyborg Seiness til NRK.

Pris i jubileum

Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. I år er det altså 40-årsjubileum for forfattarskapet hans.

– Eg blei jo overraska, men samtidig ikkje. Eg har trass alt vore inne i diskusjonen i ti år og har meir eller mindre forsiktig førebudd meg på at det kunne skje i ti år. Men eg rekna, tru meg, slett ikkje med at eg skulle få prisen i dag då. Men eg visste at det var no ein sjanse, seier Jon Fosse på telefon til NRK.

Forfattaren understrekar at det var ei stor glede å få prisen og ei slik anerkjenning av sin forfattarskap.