Den britiske regjeringa vil forby mobilar i engelske skular

Formålet er å betre fokuset til elevane og avgrense nettmobbing.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bruk av mobiltelefonar bør forbydast på alle skular i England, ifølgje den britiske regjeringa.

Utdanningsminister Gillian Keegan kunngjorde den nye, strenge linja for eit par dagar sidan. I første omgang vil regjeringa lage nye retningslinjer som slår fast at mobilar verken bør brukast i timar eller friminutt.

Viss skulane ikkje følgjer retningslinjene, vil regjeringa vurdere eit lovforbod.

Formålet med å fjerne mobilane frå skulane er å betre fokuset til elevane, å hindre at dei blir distraherte og avgrense nettbasert mobbing.

Den konservative britiske regjeringa påpeikar at Frankrike, Italia og Portugal har innført liknande forbod. I sommar tilrådde FN-organisasjonen Unesco at smarttelefonar blir fjerna frå skulane i verda.

Mange britiske skular har allereie på eiga hand innført avgrensingar på mobilbruken.