To piler frå bronsealderen funne i Nordaust-Jotunheimen

To godt bevarte piler frå bronsealderen vart funne i midten av september. – Det finst nok ikkje tilsvarande i norsk arkeologi, seier arkeolog.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Den eine av pilene er 3600 år gammal og har ein pilspiss som er laga av ein elvemusling, skriv GD.

Den andre pila, som er datert til å vere 3000 år gammal, har ein spiss av stein som framleis var surra fast til treskaftet med dyreeinar og lim av never.

– Den er ekstremt godt bevart. Det finst nok ikkje tilsvarande i norsk arkeologi. Sånt vekkjer merksemd, og det er veldig flott å kunne sikre gjenstanden, seier brearkeolog Espen Finstad i Innlandet fylkeskommune til avisa.

Det var han sjølv som saman med hobbyarkeolog Reidar Marstein frå Lom gjorde funnet 13. september.

Finstad fortel at slike funn gir ny kunnskap. Det er funne mange pilspissar, men mykje er uklart rundt korleis dei vart festa til skaftet.

– Her har vi materiale frå isen som gir veldig mange svar. Det fyller ut kunnskapen i brei forstand, seier han.

Denne sesongen er det gjort omtrent 250 arkeologiske funn i Jotunheimen.