Flyselskap i Japan leiger ut klede

Viss du reiser med Japan Airlines, slepp du å pakke kofferten.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan juli i år har reisande med Japan Airlines kunna logge seg inn på ei teneste kalla Any Wear, Anywhere. Der kan dei velje om dei ønsker klede for ein mann eller kvinne, kva årstid dei treng klede til, kor mange toppar og kor mange bukser dei treng, og kva dato dei skal reise. Etter flyturen ligg antrekka klare på hotellet. Når dei reiser heim igjen, leverer dei tilbake kleda, slik at nokon andre kan leige dei, skriv CNN.

Kleda dei kan leige, er anten bruktklede eller klede frå lager som elles ville blitt kasta. Prisen for utlånet er mellom 34 og 48 dollar. Det er om lag 369 og 521 norske kroner.

Ønsker å redusere drivstoffutslepp

Vekta på fly verkar inn på kor mykje drivstoff flya slepper ut. Ved at passasjerane ikkje har med seg bagasje, håper Japan Airlines å sleppe ut mindre drivstoff og gjere flyreisa meir miljøvennleg.

Tenesta er tilgjengeleg fram til august neste år. Etter prøveprosjektet skal flyselskapet rekne på kor mykje dei har redusert utsleppa. Deretter skal dei avgjere om dette er noko dei kjem til å halde fram med.