Skulevalet: Rekordmange stemte blankt

Fleire stemmer enn nokon gong var blanke under årets skuleval. Valforskar Johannes Bergh trur det kan vera eit signal om misnøye.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Over 8 prosent av stemmene som kom inn under årets skuleval var blanke. Totalt avla vidaregåandeelevar frå heile landet 131 598 gyldige stemmer, der 11 099 var blanke, ifølgje landsoversikta frå Sikt.

Det utgjer 8,43 prosent. Ved skulevalet i forkant av stortingsvalet i 2021 utgjorde dei blanke stemmene 6,53 prosent av totalen.

Kan sjåast på som ei markering

Under eit val har ein tre alternativ; å ikkje stemma, å stemma på eit parti, eller å stemma blankt. Valforskar Johannes Bergh meiner blanke stemmer kan vera eit middel for veljarane til å visa misnøye med partia, eller sjølve valet.

– Det å stemma blankt er ein demokratisk rett og eit meir aktivt val enn ikkje å stemma i det heile, seier Bergh til VG.

 

– Heilt krise

Miljøpartiet dei Grøne fekk 3,8 prosent av stemmene under årets skuleval, ifølgje tal frå Sikt. Talsperson frå Grønn Ungdom, Margit Martinsen og nestleiar hjå MDG, Ingrid Liland, meiner det høge talet blanke stemmer bør vekka bekymring hjå politikarane.

– [Dei] blanke stemmene er eit skremmande eksempel på den alvorlege tillitskrisa noverande og tidlegare politikarar har skapt, meiner dei.

– Varsellampane bør blinka blodraudt på Statsministerens kontor over manglande tillit til demokratiet seier Liland til VG.


Ein paraply sett ovanfrå i ei våt gate.

Det er meldt både grått og vått vêr dei fleste stader i landet på valdagen. Det kan vera godt nytt for valdeltakinga, ifølgje forskarar.