Vekas viktigaste: Supermåne, statskupp og habilitetsfeil

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 21:09

Militærkupp i Gabon

Kuppsuportarar i Libreville i Gabon, Wednesday Aug. 30, 2023 heiar på politiet i gatene. Foto: AP Photo/Betiness Mackosso

Gabon er eit land i det vestlege Sentral-Afrika. Førre helg hadde dei eit val der Ali Bongo vann for tredje gong på rad. Faren til Bongo styrte landet frå 1967 til 2009 før sonen tok over styringa.

Onsdag morgon gjennomførte militæret eit statskupp i Gabon og sette til sides valresultatet frå helga. Kuppmakarane seier dei har sett inn sjefen for presidentgarden, Brice Oligui Nguema, som nytt statsoverhovud i landet, ifølgje NTB.

Gabon er eit land med mykje olje, men ein av tre unge er arbeidsledige. Bongo-familien har tidlegare blitt kritisert for at innbyggjarar ikkje får nytte av pengane frå olja. Om det kjem til å endre seg med statskuppet er usikkert.

Kuppet i Gabon skjer ikkje lenge etter omveltingane i både Niger og Sudan lenger nord, og fleire land er bekymra for at det vil føre til meir ustabilitet i regionen.


Utanriksminister Anniken Huitfeldt skulda for habilitetsfeil

Utanriksministar Anniken Huitfeldt etter pressekonferansen 30. august 2023 om habiliteten hennar. Foto: Annika Byrde / NTB

Onsdag vart det kjent at ektemannen til utanriksminister Anniken Huitfeldt, Ola Flem, har kjøpt og selt fleire aksjar medan Huitfeldt har vore statsråd. Eit av selskapa er den norske våpenprodusenten Kongsberg Gruppen. Det er eit selskap med stor statleg eigardel, og som Huitfeldt har vore i møte med.

Statsråden har sagt at ho har vore «uvitande inhabil», sidan ektemannen hennar ikkje har fortalt om kva slags kjøp og sal han har gjort. Huitfeldt seier Flem ikkje har påverka politikken hennar, og at ho ikkje har gitt sensitiv informasjon til ektemannen sin.

I 2021 og 2022 fekk Flem til saman eit utbytte på 950 000 kroner frå kjøp og sal av aksjar gjennom selskapet sitt.

Etter saka om Huitfeldt kom det også fram at mannen til Erna Solberg, Sindre Finnes, også kjøpte og selde aksjar medan ho var statsminister.


Stort droneåtak mot Russland

Brann i Pskov i Russland 29. august 2023. Det skal ha starta etter eit ukrainsk droneåtak. Foto: Ostorozhno Novosti via AP

Natt til onsdag skal seks regionar i Russland ha blitt angripne av ukrainske dronar, ifølgje det russiske forsvarsdepartementet. Eit av åtaka skal ha ramma Pskov, som ligg vest i Russland, fleire hundre kilometer frå den ukrainske grensa. Ein brann braut ut på ein flyplass etter det guvernøren seier var eit droneåtak.

Dersom opplysningane frå Russland stemmer, så er dette det største droneåtaket mot Russland sidan krigen i Ukraina starta i fjor. Det betyr at Ukraina er i stand til å kome med motåtak som rammar Russland langt unna den ukrainske grensa.

Talskvinne for Russland Maria Zakharova har sagt at dei ikkje vil la Ukraina gå ustraffa for desse åtaka.


Ny flaum etter styrtregn

Hellefossen 20230828.
Mye vann ved Hellefossen kraftverk. Et styrtregn under helgen skaper nye utfodringer med flom mandag. Drammen kommune har satt krisestab. For nedre delen av Drammenselva er farevarsel utstedet på oransje nivå.
Foto: Annika Byrde / NTB

Fleire stader på Austlandet opplevde store mengder vatn etter styrtregnet førre helg. Både Bergensbanen, Sørlandsbanen og Gardemobanen vart påverka av flaumen. Drammensvassdraget steig særleg, men er no forbi flaumtoppen.

Forsikringsselskapa kan melde om nær 2000 skademeldingar for Oslo og Viken. Saman med skadane frå ekstremvêret «Hans» for nokre veker sidan, er det snakk om svært mykje erstatningspengar. I tillegg kjem arbeidet med kva som kan og bør byggjast opp att av det som er blitt øydelagt.

No etterlyser MDG ein plan frå regjeringa for korleis ein kan førebygge slike hendingar i framtida.


Den spanske fotballpresidenten etterforska for seksuelt overgrep

Fotballpresident Luis Luis Rubiales står saman med det spanske fotballaget. Foto: AP Photo/Manu Fernandez

Då det spanske landslaget vann fotball-VM for kvinner reagerte mange på oppførselen til fotballpresident Luis Rubiales mot spelaren Jennifer Hermoso. I feiringa omfamna han henne og kyssa henne på både kinnet og munnen.

Fleire reagerte på oppførselen til Rubiales, og det spanske kvinnelandslaget var tydelege på at dei nekta å spele fleire kampar dersom han fekk halde fram som fotballpresident. Fleire fotballtoppar bad han om å gå av som president.

Fifa har suspender presidenten, og no har dei spanske styresmaktene opna ei sak mot Rubiales og etterforskar han for mogleg seksuelt overgrep.


🌕Lyspunkt🌕: Verda vart fascinert av ein blå supermåne

Supermånen står opp over Lake Michigan i USA, der folk har samla seg for å sjå himmelfenomenet. Foto: AP Photo/Charles Rex Arbogast

 

Natt til torsdag var det både ein «supermåne» og ein «blå» måne. Ein supermåne er namnet vi brukar på månen når han er ekstra nære jorda, og ein blå måne er når månen er full to gonger i løpet av ein månad.

Neste sjanse til å sjå ein blå supermåne blir i 2037, og mange menneske rundt om i verda samla seg difor for å sjå fenomenet.


Er du av typen som slit med å følgje med på nyheitene kvar einaste dag? Kvar veke har Framtida.no ei oppsummering av Vekas viktigaste.