I dag kan du sjå den blå supermånen og Saturn på himmelen samtidig

Marie Wilberg
Publisert
Oppdatert 19.12.2023 14:12

Ein supermåne er namnet vi brukar på månen når han er ekstra nære jorda. Onsdag 30. august kjem han derfor til å sjå ekstra stor ut, ifølgje Space.com.

I tillegg til at månen er spesielt stor, er det andre gong vi har fullmåne denne månaden. Vi kallar han derfor også ein blå måne.

At vi har ein blå måne vil dessverre ikkje seie at månen er blå. Han kjem til å ha same gulkvite farge som vanleg, og lyse om lag like sterkt.

Ifølgje den italienske astronomen Gianluca Masi vil dette vere den siste blå supermånen før 2037.

Det som er ekstra spesielt denne gongen, er at du også kan sjå Saturn som ei lita stjerne oppe til høgre for månen. Det skal kunne vere mogleg å sjå utan kikert eller teleskop, dersom det er klarvêr.

Saturn

Dersom det er klarvêr kan ein sjå Saturn oppe til høgre for månen. Foto: NASA / Unsplash

Dersom du har lyst til å og gå ut og sjå på månen i kveld, er det nokre ting du må tenkje på før du slenger på deg jakka.

1. Sjekk når månen står opp

Du burde vente til rundt klokka ni før du går ut. Det er fordi det er omtrent då månen står opp, og sola går ned.

Det er litt ulikt når månen står opp, ut ifrå kvar i landet du er, så dette er lurt å sjekke opp.

2. Sjekk vêrmeldinga

Det neste som er lurt å finne ut, er om det er klarvêr. Dersom det ikkje er skyer kan du kanskje sjå han berre med auga, ifølgje den italienske astronomen Gianluca Masi.

Om det er overskya kan det vere vanskeleg å sjå alt klart, så det kan vere lurt å sjekke vêrmeldinga for kvelden.

3. Finn ein stad utan lys

Det siste du burde tenkje på før du går ut er kvar du skal stå.

Bur du i ein by kan det vere mykje lys, og det kan derfor vere lurt å finne ein stad du veit det blir ganske mørkt. Dermed kan du vere sikker på at du får sett den blå supermånaden best mogleg.

Lykke til med månejakta!


Les meir om månen: Desse skal reisa til månen i 2025

Fire astronautar, inkludert ei kvinne og ein svart mannen kvinn

NASA-astronautar Christina Hammock Koch, Reid Wiseman (sitjande), Victor Glover, og astronaut Jeremy Hansen frå det kanadiske romfartsinstituttet er crewet på NASAs neste månelanding. Foto: Josh Valcarcel / NASA