Vekas viktigaste: Wagner-gruppa, lakseskatt og månelanding

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne veka har nyheitsbiletet i Noreg vore prega av drapet på Jonas Aarseth Henriksen (30), kjent som «Lastebiljonas» på TikTok. Internasjonalt har mykje handla om rettssakene mot USAs tidlegare president Donald Trump, som no har blitt arrestert og lauslaten i delstaten Georgia.

Her er nokre andre nyheiter frå den siste veka du òg burde få med deg:

Wagner-flystyrt

I bakgrunnen ser ein flammar og røyk som stig frå bakken.

Den tidlegare Wagner-leiaren var blant dei ti som vart drepne i flystyrten. Foto: AP Photo

Onsdag kveld styrta eit privatfly mellom Moskva og St. Petersburg i Russland. Om bord var Wagner-leiaren Jevgenij Prigozjin og Dmitrij Utkin, som blir rekna som hans «høgre hand» og grunnleggjar av gruppa.

Wagner-gruppa er ei gruppe med private leigesoldatar som har kjempa for Russland i Ukraina-krigen. Nøyaktig to månader før flystyrten gjorde Prigozjin opprør mot den militære leiinga i landet, og Wagner-styrkane sette kurs mot Moskva.

Ti personar var om bord i flyet som styrta, og alle er omkomne ifølgje russiske styresmakter. Fleire ekspertar meiner ulukka var eit attentat. Analytikarar ved Det britiske instituttet for krigsstudium ISW trur president Vladimir Putin beordra å skyte ned flyet, som straff for at Prigozjin dolka han i ryggen, skriv VG. Nato-sjef Jens Stoltenberg seier det er for tidleg å spekulere i årsaka til flystyrten.

Putin sjølv var taus om flystyrten då han torsdag heldt ein videotale under Briks-toppmøtet, men kondolerte seinare til familien til Prigozjin. Flystyrten blir etterforska av russiske styresmakter.

Briks-toppmøte

Middelaldrande menn som held hender for eit gruppebilete.

Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva, president i Kina Xi Jinping, Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa, den indiske statsministeren Narendra Modi and Russlands utanriksminister Sergei Lavrov tar gruppebilete i samband med årets toppmøte for Briks-landa i Johannesburg. Foto: Gianluigi Guercia/Pool via AP/NTB

Apropos Briks – det har vore toppmøte i Sør-Afrika denne veka. Briks er eit samarbeid mellom landa Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika. Dei utgjer over 45 prosent av verdas befolkning og 25 prosent av verdas brutto nasjonalprodukt, skriv NRK.

På årets agenda står mellom anna korleis Briks-landa kan bidra til meir handel og utvikling i Afrika. Afrika har den siste tida blitt sentralt for verdas stormakter.

Under årets Briks-møte vart medlemmane òg samde om å sleppe inn seks nye medlemsland. Briks vart oppretta i 2006, og det er første gong på 13 år at gruppa blir utvida. Landa som blir invitert inn er Saudi-Arabia, Argentina, Egypt, Iran, Etiopia og Dei sameinte arabiske emirata, opplyser Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa.

Økokrim etterforskar Ola Borten Moe

Mann i dress står ved ein talarstol.

Ola Borten Moe (Sp) held pressekonferanse i Kunnskapsdepartementet etter at det blei kjent at han har brote habilitetsreglane. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Her heime i Noreg har Økokrim opna etterforsking mot den tidlegare statsråden for forsking og høgare utdanning frå Senterpartiet. I ei pressemelding skriv Økokrim at dei har bestemt seg for å etterforske om det kan ha skjedd noko straffbart i samband med Ola Borten Moe sine kjøp av aksjar i Kongsberg Gruppen. Han innrømte i juli at han braut habilitetsregelverket til regjeringa då han deltok på eit regjeringsmøte om ein milliardkontrakt til ammunisjonsprodusenten Nammo. Senterpartipolitikaren avviser å ha drive med innsidehandel.

– Ola Borten Moe har gitt uttrykk for at han vil bidra etter beste evne til å opplyse saka. Det er viktig og positivt, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth i pressemeldinga.

Etter det vart kjent at han hadde brote habilitetsregelverket, gjekk Borten Moe av som statsråd og nestleiar i Senterpartiet.

Første landing på månens sørpol

Skjerm viser romfartøy på veg til å lande på månen, medan folk filmar det som skjer.

India vann kappløpet om å lande på månens sørpol. Her frå då Chandrayaan-3 landa 23. august. Foto: AP Photo/Aijaz Rahi

India vart tysdag det første landet som har greidd å lande på sørpolen. Månens sørpol, altså. Det gjorde dei med eit ubemanna fartøy.

– Eg vil seie til folk i heile verda, i alle land, at Indias suksessfulle månereise ikkje er Indias aleine. Dette tilhøyrer heile menneskeslekta, sa landets statsminister Narendra Modi etter landinga. Det skriv NRK.

Berre nokre dagar før, 20. august, forsøkte Russland seg på det same, men forsøket vart mislukka då fartøyet krasja inn i månens overflate. India forsøkte òg å lande i 2019, men det gjekk ikkje då. Målet med ekspedisjonen er å utforske sørpolen, som kan ha frose vatn. Det betyr at det kan vere ei moglegheit for den første permanente basen på månen.

Her kan du sjå video frå månen teke frå det indiske Chandrayaan-3-toktet 20. august:

Laksesøksmål

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) presenterer regjeringas forslag til grunnrenteskatt for havbruk (lakseskatten) på ein pressekonferanse.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Lakseselskapet Mowi meiner botnfrådraget i lakseskatten går imot EØS-reglane, og varslar søksmål mot staten.

Selskapet meiner skatten råkar store selskap uretteleg hardt, og at han er diskriminerande.

Stortinget har vedteke ein grunnrenteskatt på havbruk på 25 prosent. Selskap kan dra frå inn til 70 millionar kroner før dei treng å betale denne skatten, altså eit botnfrådrag. Mindre selskap treng difor ikkje betale like mykje i skatt som større selskap.

Også Salmar vurderer rettslege steg mot grunnrenteskatten og Salmar-eigar Gustav Witzøe har truga med å trekkje selskapet ut av Noreg.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier til NTB at regjeringa er heilt trygge på det juridiske grunnlaget for lakseskatten.

✨Lyspunkt✨: Ecuador stoppar oljeboring i Amazonas

Stemmebokser i ei lokale med teksta "El voto es secreto"

I Ecuador har folket stemt over kor vidt det skal vere oljeboring i ein nasjonalpark i Amazonas. Foto: AP Photo/Martin Mejia

Etter ei folkeavstemming vil Ecuador stoppe oljeboring i nasjonalparken Yasuní i Amazonas. Området husar urfolka Tagaeri og Taromenane, som er blant dei siste ukontakta urfolksamfunna i verda som lever frivillig isolert. Yasuní er òg eit av områda med mest biologisk mangfald i verda.

Folkeavstemminga fører til at rundt 726 millionar fat olje blir verande under jorda.

Den ecuadorianske regjeringa er pålagt å stanse operasjonane og demontere infrastruktur innan eitt år, og dessutan utføre sanering og gjenplanting, skriv The Guardian.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksenAbonner på nyheitsbrevet vårt!