Tre studentar felt for fusk med ChatGPT i vår
Haltande norsk og kompliserte setningar fekk sensorar til å stusse.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tre studentar ved norske universitet vart denne våren felte for eksamensjuks med hjelp av kunstig intelligens-samtalerobotar som ChatGPT.
To av studentane var knytt til Universitetet i Oslo og den tredje Universitetet i Agder, skriv Khrono.
Avisa har henta tal frå 13 utdanningsinstitusjonar. Alle dei tre studentane vart utestengde i to semester og fekk annullert eksamenane.
Ein fjerde student ved UiA vart også felt for fusk. Studenten var mistenkt for å levere ein Chatgpt-tekst, men Universitetet konkluderte med at vedkommande anten brukte KI eller annan type juks.
Det var eksamensoppgåver skrivne på haltande norsk med kompliserte setningar som fekk sensorar til å stusse. Fakulteta meinte oppbygginga i tekstane var lik slik ein Chatgpt-tekst ville vore, og at kjeldetilvisingar verka tilfeldige og irrelevante for oppgåva. Ei rekkje kjelder eksistere heller ikkje.
I tillegg til dei tre som er felt for KI-juks, er sju andre mistenkte for det same.
I reglane og retningslinjene til utdanningsinstitusjonane står det, anten direkte eller indirekte, at det er ulovleg å levere inn tekst som er generert av ein talerobot.

NTNU har presisert at det ikkje er lov med ChatGPT på eksamen.
Foto: Ole Martin Wold / NTB / NPK