Magnus Rotevatn
Publisert

Christopher Nielsen har oppnådd ei nær mytisk status i norsk kulturliv. Han høyrer utvilsamt til dei viktigaste teikneserieskaparane i Noreg. I tillegg er han forfattar, filmskapar, dramatikar, biletkunstnar og storebror til Jokke.

Kor mykje les du sjølv?

– Store variablar. Det siste året, ganske mykje. 10-15 titlar, fortel Nielsen på e-post til Framtida.no.

På nattbordet hans ligg bøkene Røde orm av Frans G. Bengtsson, Københavnertrilogi av Tove Ditlevsen, Flow My Tears, the Policeman Said av Philip K. Dick, Røde fare av Helene Alice Nortvedt, Bogen om de amerikanske sørøvere av Alexander Olivier Exquemelin, From the Velvets to the Voidoids av Clinton Heylin og Monsieur Jean av Philippe Dupuy og Charles Berberian.

Coveret på «Uflaks»

Christopher Nielsen vann i 2005 SPROING-prisen for teikneserieboka «Uflaks».

Nielsen les helst i senga og likar sjangrar som science fiction, norske romandebutantar, reiseskildringar, rockelitteratur, historiske romanar og franske teikneseriar frå forlaget No Comprendo Press.

Meiner at teikningane bør poppa ut av sidene

– Kva blei lese til deg som liten?

– Alt av Astrid Lindgren og Tove Jansson. Favorittbarneboka Den 35. mai av Erich Kästner las eg på eigen hand. Far min las høgt frå memoarane til renessanse-bilet­hoggaren og gullsmeden Cellini, skriv Nielsen.

I tenåra gjorde mellom anna den sjølvbiografiske bok Anarkistiske erindringer av Emma Goldman inntrykk. Det same gjorde òg reportasjeboka Amerikanske bilder av den danske fotografen Jacob Holdt.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av JACOB HOLDT (@jacobholdtofficial)

Amerikanske bilder sette ikkje berre spor hjå Nielsen, men skaka folk verda over med nære skildringar av arbeidarklassa i USA. Mang ein lesar fekk glansbiletet av den amerikanske draumen rive vekk då boka blei gjeve ut i 1977.

– Kva meiner du kjenneteiknar ein god teikneserie?

At teikningane poppar ut av sidene og dialogen sit som eit skot!

Sjølv skulle Christopher Nielsen ynskja han hadde laga Donald-forteljinga Omelett av Carl Barks. Og han trekkjer fram den amerikanske teikneserieskaparen Joe Matt som undervurdert.

Dame med mykje sminke og overdådige klede

Barbara Cartland sine bøker blir ofte rekna som husmorporno. (Foto: Allan Warren/𝒲/CC BY SA 3.0)

– Om du berre skulle lesa ein teikneserieskapar eller forfattar frå ein skapar heile livet ditt – kven?

Barbera Cartland, verdas mest produktive forfattar.

– Kva karakter frå den fiktive verda kjenner du deg mest igjen i?

Tor Johnsson

Svart-kvitt bilete av to menn som deler fleire fysiske trekk, til dømes er båe to kraftige og skalla.

Den svenske wrestlaren og skodespelaren Tor Johnson til venstre. Christopher Nielsen til høgre. Synest du dei liknar?
(Foto av Tor Johnson: offentleg eigedom; Foto av Christopher Nielsen: Sivert Almvik / CC BY-SA 3.0)

Draumeskodespelarar

Fleire av teikneseriane til Christopher Nielsen har blitt filmatiserte, gjerne med Nielsen sjølv som regissør. Og ifylgje opphavspersonen enda det draumeskodespelarar opp i alle hovudroller.

Narverfredag markerte debuten til både Aksel Hennie og Nicolai Cleve Broch.

Nielsen valde å bruka dataanimasjon då han laga spelefilmen Slipp Jimmy fri fordi han trudde det skulle bli rimelegare enn tradisjonell animasjon. Me kan trygt seia at han tok feil. Budsjettet blei til slutt om lag 120 millionar kroner, noko som var Noregsrekord i 2006.

Christopher Nielsen skulle gjerne ha ete middag med Aline Kominsky. Ho var ein amerikansk teikneserieskapar som teikna sjølvbiografisk. Kominsky døydde av kreft i 2022.


Teikneserieskapar og illustratør Martin Ernstsen (36) trivst godt, men er ikkje sikker på om han vågar å anbefala yrket til andre. Foto: Esra Duzen

Christopher Nielsen

Namn: Christopher Nielsen

Alder: 60

Frå: Oslo

Utdanning: Autodidakt.

Yrke: Konseptualist.