Drikkepress i fadderveka: – Ein går ikkje bort til nokon og seier «du må drikke»
Fleire unge takkar ja til alkohol fordi dei synest det er ubehageleg å takke nei. På studiestadane prøver fadderstyra å leggje til rette for edru aktivitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit sikkert haustteikn er flokkar med unge vaksne som traskar etter nokre meir sjølvsikre menneske i fargesterke t-skjorter.
Fadderveka skal bygge opp det sosiale nettverket til nye studentar, og gjere dei kjent med studiestaden og tilboda dei kan nytte. Og ofte inneheld fadderveka alkohol.
Éin av tre mellom 18 og 29 år oppgjev å ha drukke alkohol for å sleppe ubehagelege spørsmål, viser ei ny undersøking gjort av Ipsos for Blå Kors. Nesten halvparten seier også at dei synest det er ubehageleg å takke nei til alkohol.
Minigolf
– Det var fleire i går som ikkje drakk, men som framleis var med på vorset og konserten, fortel Vilde Baardseth.
Ho skal studere ved Fagskulen Kristiania saman med Frøya Lynell Steine og Camilla Korsvoll. Fadderbarna blei kjende første dag i fadderveka.
No er dei på veg til minigolf i Oslo sentrum, saman med resten av gruppa si.
– Om dagen gjer vi andre ting for å bli kjent. Eg drikk alkohol om kvelden, men det er ikkje alle som gjer det i gruppa, seier Baardseth.
Dei ferske studievenninnene legg til at fadrane i gruppa er tydelege på at ein ikkje må drikke alkohol for å vere med.
Sosialt press
No som fadderveka er i gang, er drikkepress eit viktig tema for fadderstyra på universitet og høgskular.
– Det er nok enda ein tanke som heng igjen om at fadderveke er fest, og at viss ein ikkje drikk er ein kjedeleg, dessverre, seier leiar for Debutuka i Tromsø, Isak Wang Gustavsen.
Fadrar er ansvarspersonar, og fungerer nærast som ein mentor. Gustavsen forklarar at spørsmål som «Kvifor drikk du ikkje?» derfor er spesielt vanskeleg å få frå ein fadder.
– Det er det sosiale presset som er mest krevjande, meiner han.
Nestleiar og PR-ansvarleg for fadderveka ved Høgskulen i Volda, Juliana Endemann, trur det kan vere krevjande å kjenne igjen presset.
– Det er mykje venskap i drikking, som blir til drikkepress, seier Endemann.
Ho fortel at mange deler ut alkohol til dei som ikkje har meir igjen. Slike tilbod frå medstudentar takkar ein ofte ja til, sjølv om ein ikkje hadde tenkt å drikke meir den kvelden, fordi ein opplev det som hyggeleg.
Dette seier leiar Marte Sørebø Pedersen seg einig i.
– Eg trur folk blir pressa lenge før dei føler at dei er pressa, seier ho.
Pedersen forklarar at ein gjerne får spørsmål om å ta ein øl, og godtek han, sjølv om ein eigentleg ikkje ville ha han.
– Ein tek han likevel, fordi «kvifor ikkje?». Så angrar ein kanskje dagen etter, fortel Pedersen.
– Det er mange ulike teoriar om kvifor eg ikkje drikk
Juliana Endemann er sjølv avhalds, og seier det ikkje er nokon vits i å presse henne.
– Eg er veldig sterk på at eg ikkje drikk, og «shuttar» det på ein måte ned med éin gong, forklarar ho.
Nestleiaren fortel at mange likevel stiller spørsmål ved standpunktet hennar.
– Det er mange ulike teoriar om kvifor eg ikkje drikk. Det er aldri berre fordi eg ikkje har lyst. Det er ikkje ein teori som dei aksepterer så veldig ofte, seier Endemann.
Ho fortel at mange bruker alkohol til å løyse seg opp og bli meir komfortabel, og at fest er ein stad folk blir kjende.
Som ein person som ikkje drikk, fortel Endemann at festar ikkje alltid er like artig for dei som er edru. Ho trur det også kan føre til at folk vel å drikke likevel.
– Det er ikkje noko gøy å gje snusboksen eller vere med i ein drikkeleik når du ikkje drikk. Då er det ikkje nokon konsekvens til dei som blir valde som ikkje drikk, og det er ikkje gøy, forklarar Endemann.
Treng ikkje drikke for å vere med
Sjølv om drikkeleikar ofte handlar om alkohol, er det ikkje alle som berre ser slik på det.
– Eg trur det er meir leikane enn sjølve alkoholen som er viktig, seier den ferske studenten ved Fagskulen Kristiania Frøya Lynell Steine.
Dei tre studievenninnene trur ikkje det er noko særleg drikkepress i fadderveka.
– Ein går ikkje bort til nokon og seier «du må drikke, for det er fadderveka!», seier Baardseth.
Fadderbarna fortel at dei trur alkohol er nødvendig for det sosiale med drikkeleikar, men at ikkje alle treng å drikke for å vere med.
Steine seier at folk i hennar gruppe er flinke til å la vere å spørje kvifor folk ikkje drikk.
– Ein berre godtek det, fortel ho.
Faddergruppa dei tre studentane høyrer til dreg på konsert kvar kveld. Dei trur ikkje nokon let vere å bli med fordi dei ikkje vil drikke.
Har teke grep
I fjor svarte seks av ti studentar at dei ønska fleire alkoholfrie arrangement. Likevel er semesterstart og fadderveka knytt svært tett opp imot festing og alkohol, ifølgje leiar for Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT) Kari-Jussie Lønning.
– Vi ser i aukande grad at studentar ønskjer eit anna fokus, seier Lønning i rapporten som SiO slapp denne veka.
SHOT-undersøkinga viser også at 12,3 prosent av norske studentar har hatt ei form for rusbrukliding det siste året.
Gustavsen, leiar for Debutuka, trur at aktivitetar som blir oppfatta som fadderaktivitetar eksklusivt er knytt opp imot alkohol. Dette ønsker han å løyse meir opp i.
– Vi prøver no å «pushe» på at ein kan gjere aktivitetar, der ein har drukke tidlegare, utan å drikke. Ein kan bowle utan å drikke. Ein kan spele minigolf utan å drikke, seier fadderleiaren.
Gustavsen trur at grunnen til dette sterke alkoholfokuset er at dei som vil vere med i fadderveka gjerne er dei som er ekstra sosiale, og at det ofte er drikking dei er med på.
– Det er også ein kultur som heng igjen frå tidlegare, som vi må jobbe med, legg han til.
Også i Volda er det teke grep for at ikkje alt må innehalde alkohol.
– Vi har masse alkoholfrie arrangement som går parallelt med arrangement med alkohol, seier fadderleiar Pedersen.
Dette er eit tilbod til dei nye studentane som ikkje ønskjer å drikke, og som heller ikkje vil vere rundt folk som drikk.
– Det er greitt å ha alkoholfrie arrangement på sida, slik at ein kan velje om ein vil drikke eller ikkje, seier ho.
Les også: Knuser mytar om fylla og bakrus: – Eg kjem aldri til å vere bakfull på same måte igjen