Vil ha gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse til alle unge

Vaksine mot hjernehinnebetennelse må bli ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, meiner LHL og FHI.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke (LHL) og Folkehelseinstituttet (FHI) vil utvide tilbodet om gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse, skriv NRK Oslo og Viken.

Godt under halvparten av kommunane i Noreg tilbyr gratis vaksine mot meningokokkbakteriar til ungdom, ifølgje oversikta til LHL. Det vil seie at mange barn og unge må betale sjølve for vaksinen.

Meningokokkbakteriar er den vanlegaste årsaka til hjernehinnebetennelse hjå barn og unge. Hjernehinnebetennelse er ein infeksjon som kan føre til alvorleg sjukdom på kort tid.

– Vi har tilgang til vaksinar mot hjernehinnebetennelse og veit at ungdom er særleg utsett. Då burde vi sørgje for at alle blir beskytta, uavhengig av kvar dei bur, seier generalsekretær i LHL, Frode Jahren.

Ifølgje FHI er vaksinen effektiv og med få biverknader.


Biogen er selskapet som har utvikla medisinen Spinraza. Malin F. Pedersen er ein av dei som er glade for at medisinen no blir tilgjeneleg for vaksne.
Foto: Terje Bendiksby / NTB, privat.