– Hellas har den beste maten i verda

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

Det er ikkje til å stikke under stol at dei oppveksande generasjonane i Hellas har mange utfordringar, særleg knytt til arbeidsliv og økonomi. Framtida har tidlegare skrive om korleis mange unge er fortvila over den politiske situasjonen, kjenner seg ignorerte i samfunnet og ønsker å forlate heimlandet sitt.

Men det er då vel ikkje heilt bekmørkt, eller? Kva er dei positive kvalitetane ved å bu i Hellas? Og kva gir eigentleg dei unge grekarane håp for eiga framtid?

Vi har spurt dei unge på gata i Thessaloniki, den nest største byen i Hellas.

Eige tempo

– Det er ærleg tala litt vanskeleg å svare på, seier Elena Kantzidou (27).

– Eg kjem berre på vêret og klimaet, og at det er mange veldig vakre stader eg kan reise til, seier Vivi Gouta (22).

Framtida møter dei to på campus til Aristoteles-universitetet i byen, der begge studerer jus. Typisk nok er sola ute, og dei to studentane har søkt ly i skuggen frå eit tre.

Elena Kantzidou (27, t.v.) og Vivi Gouta (22) meiner dei unge gir håp for framtida. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– I går kveld sat vi på balkongen til ein ven og studerte. Og då eg såg nedover gata, tenkte eg at eg verkeleg liker sommarnettene her. Spesielt urbane sommarnetter. Eg likar godt naturen, men det er noko med stemninga i byen når det er varmt og folk trekker ut av leilegheitene sine, seier Elena.

– Her kan vi ta livet litt i vårt eige tempo. Det er chill, seier Vivi.

Elena fortel at ho budde ei stund i Sverige, og ho slår fast at utelivet i Hellas er meir avslappa enn det er i Norden.

Endrar tankesettet

– Er det noko som gir dykk håp for framtida?

– Unge folk. Det er det, seier Vivi.

Vivi Gouta (22) trur det kan komme ei endring når dei yngre generasjonane utfordrar tankesetta sine. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Når vi er med på demonstrasjonar. Eg likar at så mange folk går ut i gata for å demonstrere mot det dei ikkje likar, seier Elena.

– Har de tru på at unge kan tvinge fram positive endringar?

– Når vi slår oss saman, trur eg vi kan det, seier Elena.

Vivi meiner det handlar vel så mykje om det personlege:

– Når kvar einskild tenker annleis enn foreldra sine, kan det få fram ei endring. Når vi utfordrar tankesetta våre. Unge tenker litt annleis. Men ikkje alle, sjølvsagt.

– Samstundes er det fleire unge som røystar på partia på ytre høgre. Det går begge vegar, legg Elena til.

– Og mange unge som ikkje likar tankesettet til dei eldre generasjonane, vel også å forlate landet. Ingen vil bli her.

Stolte over identiteten sin

Ifølge ei undersøking frå 2021 oppgir 65 prosent av unge mellom 17 og 39 år at dei er stolte over å vere gresk.

Eit knapt fleirtal meiner Hellas er ein god plass å bu, og i undersøkinga trekker dei fram følgande fordelar Hellas har:

  • Geografisk lokasjon og geopolitisk historie (81 prosent)
  • Kulturarv og historie (79 prosent)
  • Turistdestinasjonar (78 prosent)
  • Klima og naturlege omgjevnader (65 prosent)
  • Naturressursar (51 prosent).

Medan mange unge framleis er interesserte i å flytte ut av landet, er dette ein nedadgåande trend. I 2010 var 74 prosent villige til å forlate landet om dei fekk sjansen. 11 år seinare var talet berre 45. Eit fleirtal vil heller ha ein permanent jobb i den offentlege sektoren i Hellas, framfor ein god jobb med betre moglegheiter og høgare løn i utlandet.

– Best mat i verda

Vi møter Dimitris (20) og Thanassis (20) i gågata ved Navarinoplassen – ei strekke full av gatemat, brukthandlar, nisjebutikkar og folkeliv.

Dimitris (20) og Thanassis (20) meiner Hellas har den beste maten i verda. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Dei to trekker fram at Hellas har ein litt annleis timeplan enn Nord-Europa – på eit positivt vis. I staden for at butikkane stenger på ettermiddagen, vaknar byen til live om kvelden.

– Vi har butikkar som er lengre opne, og folk er ute i byen lengre, seier Thanassis.

– Utelivet er veldig bra, slår Dimitris fast.

Dei meiner også at det greske kjøkenet har mykje godt å by på.

– Maten er den beste i verda. Den er veldig lik italiensk mat, men litt betre. Vi har litt påverknad frå Tyrkia, så den har meir smak, slår Thanassis fast.

I tillegg til gresk salat, gyros og moussaka, er greske tavernaer fylte med smårettar laga med grønsaker som aubergine, squash og tomat, gjerne med eit stykke bakt fetaost ved sida av. Fylte grønsaker, fylte vinblad og mykje grilla kjøt, er også klassiske element frå det greske kjøkenet.

Meir moderne og progressive

Ein annan positiv kvalitet er, så klart: vêret.

– Sjølv om vêret i vår ikkje har vore det beste, vedgår Thanassis.

– Kva gir dykk håp for framtida?

– Vår generasjon. Det er det einaste. Eg trur vi tenker meir moderne og progressivt samanlikna med dei eldre generasjonane. Det vil truleg hjelpe oss med å få Hellas tilbake til ein betre stad, meiner Thanassis. 

Han får bekreftande nikk frå Dimitris.

Tett på kulturen

Også Dimitra Vakrasata (20), Sofia Klempetsani (20) og Ashmina Zetou (20) meiner det greske utelivet er ein positiv kvalitet.

Dimitra Vakrasata (20), Sofia Klempetsani (20) og Ashmina Zetou (20) meiner den greske kulturen og tradisjonane er positive ting i heimlandet. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg drog til Tyskland ein gong, og eg likte ikkje folka. Dei er ikkje like ekspressive som vi er. Dei er meir inneslutta, seier Sofia.

Dei trekker også fram den greske kulturarven og tradisjonane i landet.

– Det er ein veldig stor del av kulturen vår, og det er moro. Sjølv om eg ikkje kjenner alle dei greske historiene i detalj, seier Dimitra.

– Vi er veldig tett på kulturen vår, slår Ashmina fast.

Igjen er det dei yngre generasjonane som gir jentene håp for framtida.

– Eg trur vår generasjon er meir medviten om mange problemstillingar, som klimaendringane, LHBTQ, problem med psykisk helse, og liknande. Vi er meir engasjerte borgarar, og meir open som generasjon, meiner Sofia.


Sofia Sakouli (17) og Beatriki Stoidou (17) frå Thessaloniki røysta for første gong i årets val. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg