Warner Bros. Japan kritiserer «Barbenheimer»-fenomenet

Åshild Slåen
Publisert

Japanske Warner Bros. har gått ut og offisielt kritisert sin amerikanske motpart for korleis dei har reagert på «Barbenheimer»-fenomenet.

Filmane Oppenheimer og Barbie er to av sommarens største filmar, som hadde premiere på same dag. Eit populært fenomen har difor vore å sjå dei to veldig forskjellige filmane på same dag, gjerne med passande klede. Mange har også delt bilete og reklame på sosiale medium der dei har redigert saman filmane.

I det siste har fleire i Japan kritisert «Barbenheimer»-innhald. Oppenheimer er ein biografisk film om ein av mennene som sto bak utviklinga av atombomba, og det å blande dette med Barbie-filmen synest mange japanarar er ufølsamt med tanke på bombinga av Hiroshima og Nagasaki.

På sosiale medium har den offisielle Barbiefilm-kontoen blant anna delt redigerte reklameplakatar av Barbie som køyrer bort frå ei bombesprenging, og Oppenheimer som held Barbie oppe.

I ein uttale på den offisielle japanske Barbie-kontoen på X, tidlegare Twitter, seier Warner Bros. Japan blant anna at dei:

” … synest reaksjonen på den fan-drivne rørsla frå den offisielle amerikanske Barbiefilm-kontoen er ekstremt beklageleg. Vi tek dette veldig seriøst og ber det amerikanske kontoret om å følgje dette opp på ein passande måte.»

Dei ber også om unnskylding til dei som er fornærma.

Postane til den amerikanske kontoen er no sletta, og amerikanske Warner Bros. har kome med ei offisiell unnskylding.