Edith Meek Allern
Publisert

– Kanskje ville ikkje ein sindig vestlending sjølv valt nett ein halvt amerikansk nordlending til middagskompanjong, men det skulle eg greidd å stå i. Trur eg.

Det skriv debutant Ellen Harrison til Framtida.no. Det hadde gjort ho nervøs, men ho ville invitert Olav H. Hauge på middag om ho hadde hatt høvet til det. 

Olav H. Hauge, seint på 50-talet. Foto: Olav H. Hauge-senteret sitt arkiv.

– Eg ville aldri klart å bestemme meg for kva eg skulle servere, og eg synest ikkje vi kunne gått på restaurant heller, seier Harrison.

Den halvt amerikanske debutanten har beskrive debuten Søv berre når du søv som ei kjærleikserklæring til det som var, og til det som ikkje blei. I diktsamlinga ser ei dotter filmopptak av ein pappa og ei tid i USA ho nesten ikkje hugsar.

Sakn og lengsel inngår saman med tid og latter i skattekista av ei bokhylle Harrison har opna for Framtida.no. 

Ho er usikker på om ho har blitt sint av ei bok. Det er sjeldan kjensla som melder seg når ho les, fortel Harrison. Om det skulle vere ei, er det kanskje Kjærligheten, Krigen av Assia Djebar.

Kor mykje les du?

– Jamnt ujamt, men eg har lese meir dei siste åra. I fjor las eg 20 bøker, hittil i år har eg lese 18 bøker, seier Harrison. Ho fortel at ho vert motivert av å halde oversikt i ei leseutfordring på Goodreads, ein slags bok-Instagram. 

Kva bøker les du helst?

Eg er nok open for det meste, men dei siste åra har eg nesten berre lese litteraturpensum. Då har eg sakna å gje meg ut på tjukkare samtidsromanar, men det er jo typisk å sakna når ein veit at ein ikkje har tid. 

Har eit tidstema gåande

– Kor les du? 

Her og der når eg har lyst. Heime i sofaen, ute i sola, på lange togturar, men aldri i buss og sjeldan på ferie, sjølv om eg alltid har med meg minst to bøker. 

I Tida er ei mor leitar den vietnamesisk-amerikanske poeten Ocean Vuong etter trøyst etter å ha mista mor si. Omslag: Samlaget

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Seneca var ein romersk filosof, forfattar og politikar. Omslag: Modernista

Tida er ei mor av Ocean Vuong. No er nattbordet mitt stua bort i eit flyttelass for sommaren, så boka vert nok liggande ei stund til. Men eg har ironisk nok nett byrja på On the Shortness of Life av Seneca for andre gong. Eg har visst eit tidstema gåande.

Mamma las og las

– Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten, og kven las?

– Oi, den første boka eg tenker på er Farvel, Rune, som Mamma las til meg. 

Omslag: Samlaget.

Det er ei bok om død og sorg. Ho handlar om to bestevennar som leiker og førestiller seg livet saman, men så fell Rune i vatnet. 

– Det var hardt for ein særs følsam unge.

Men dei las også Pippi, Alle vi barna i Bakkebygrenda, Den vesle prinsen, ein god del amerikanske bibelhistorier for born, og norske folkeeventyr, forsikrar Harrison.

– Alle lese av mamma, fortel ho. 

Fascinert av Hamsun-floka

Omslag: Gyldendal

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg las lite i tenåra, men eg hugsar godt at vi las Markens Grøde av Knut Hamsun på ungdomsskolen. Vi diskuterte Hamsun sine politiske haldningar og haldningane utviste i boka, og det å skilja eller ikkje skilja forfattar frå verk. Det var jo ingen som hadde eit godt svar, noko som framleis fascinerer meg.

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive? 

Å, enkelt spørsmål! Stoner av John Williams.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

Omslag: Gyldendal

– Ikkje ei bok eller ein forfattar, men eg opplever at ungdomsbøker kan verta undervurderte. No er eg fersk i bransjen, men eg tykkjer det verkar som at vaksenlitteratur-stempelet ofte vert forveksla med eit kvalitetslitteratur-stempel.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Aiai, eit nesten umogleg spørsmål. Eg synest ofte ei bok er god om den beveger meg, om både den og kjensla av den sit lenge i meg. Men for at det skal vera plass til ei slik lesaroppleving må boka kjennest gjennomført, den må få bestemma over seg sjølv, og gjera det den prøver å gjera.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

Virginia Woolf har skrive klassikarar som Eit eiget rom, Orlando og Til fyret. Foto: George Charles Beresford/ Creative Commons.

– Mummitrollet.

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Kanskje Virginia Woolf. Eg har berre lese eit par av bøkene hennar, men eg trur eg kunne lese ho i det uendelege. 

– Kven ville du valt til å spele hovudrolla i boka di?

– Då er jo først spørsmålet kven som eigentleg er hovudkarakteren. Det er kanskje faren? Eg skulle gjerne sett Daniel Day-Lewis i den rolla. Ein litt yngre, meir karismatisk og mindre plaga versjon av karakteren hans i There Will Be Blood.


Foto: © Anna-Julia Granberg/Blunderbuss / Cappelen Damm

Ellen Løvhaug Harrison

Alder: 29

Frå: Kabelvåg i Lofoten

Utdanning: Litteraturvitskap, Skrivekunstakademiet, musikkteater

Yrke: Forfattar og student