I bokhylla: Nadine Mackell blir aldri lei av Knausgård

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Då eg gjekk på Forfattarstudiet i Bø las eg 60–70 bøker medan eg gjekk der. I år er det nok nærmare 10, er litt tekstutbrent. Det er vel sånt som skjer når ein har jobba med ein roman over fleire år. Eg gler meg til eg blir inspirert og synest det er gøy igjen.

Bokomslag som viser beina til to kvinner slynga saman og teksta Eva/Ida

Bokomslag Cappelen Damm

Nadine Mackell (32) har nettopp gitt ut sin første roman, Eva/Ida.

Romanen tar for seg eit forhold mellom to kvinner i starten av 20-åra, og handlar om å vere ung, å føle at ein ikkje høyrer til og å leve ut legninga si for første gong i eit forhold.

Mackell har gått på Forfattarstudiet i Bø. I tillegg til å vere forfattar, driv ho ei samtalegruppe for menneske med demens.

 

Vi har kika i bokhylla til forfattardebutanten!

Kollasj av bøkeer. Denne boka fekk meg til å gråte: My Year Of Rest And Relaxation av Ottessa Moshfegh, le: Stig Larsson - Autistene, verte sint: Matilda gustavsson - Klubben, tenkje: Lina Wolff - Djevelgrepet

Bokomslag: Penguin Press, Tiden, Pilar og Forlaget Oktober.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Det ligg ein stabel med ti bøker eg har lese, bøker eg skal lese og bøker eg les. Blant anna den rare og fine boka til Hilde Charlotte Blomberg – Min prikkete søster, Marcel Proust – På sporet av den tapte tid og Tor Ulven – Fortæring.

Kollasj av bøker

Kva bøker les du helst?

– Eg ser alltid etter bøker som er intelligente, som fortel meg noko nytt om menneske eller relasjonen mellom menneske. Eit sosiologisk og psykologisk blikk er eg veldig svak for. Men eg er også veldig glad i lyrikk og eksperimentelle og gjerne litt gale romanar.

Kor les du? 

– I senga, på hytta, bibliotek, kafear og på bana.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Eg fekk ei biletbok med Oscar Wilde-eventyr i gåve av mi irske bestemor som faren min las for meg før eg la meg. Eventyra gjorde sterkt inntrykk på meg med sin brutalitet og tungsinn.

Bokomslaget syner eit slott i snøstorm. Tittel: Oscar Wilde – Stories for children

Bokomslag: Hachette Children’s Group

– Eg var også besett av Kaken til Kalle av Joyce Dunbar, som handlar om Kalle som har fått ein muffins med fem glaserte kirsebær på som alle dyra han møter på vil ta av. Eg las ho om igjen og om igjen til eg kunne ho utanåt. Eg kjenner meg framleis veldig igjen i Kalle. Eg vil helst ha muffinsen med alle kirsebæra på sjølv.

– Alle Little Miss og Little Mister-bøkene var også bøker eg fryda meg over som barn. Little Miss Chatterbox og Mr. Grumpy var mine favorittar.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Det aller finaste av Anna Bache-Wiig kjente eg meg veldig igjen i. Det er ein ungdomsroman situert i Bærum, der eg også har vakse opp. Eg hugsar skildringa av tyggis, buffalosko og å ikkje bli invitert eller vere kul nok til å vere med i gjengen. Ho var sår og ubehageleg.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Bokomslag som syner to jenter.

Bokomslag: Forlaget Oktober

Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født av Mona Høvring blei eg slått i bakken av språkleg. Tenk å skrive så elegant og uføreseieleg?

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg synest fleire i Noreg burde lese danske Fine Gråbøl – Ungenheden. Ho skildrar korleis det er å vere menneske i eit psykiatrisk system både sosialt, psykologisk og kvardagsleg på ein omsorgsfull og klok måte.

Kva meiner du gjer ei bok god? 

– Utruleg vanskeleg å svare på, men eg tenker at ho må ha ein språkleg presisjon, med særtrekk og eit nærvær og nerve som eg trur på.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

– Det dovne, grådige og livsnytande i karakteren Kalle i boka Kaken til Kalle.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Tone Schunnesson, ho er så morosam og skarp! Eg ville servert artisjokkar med smørdip, kongekrabbe, sjøkreps og masse Champagne.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Knausgård, eg blir aldri lei.

Knausgård sit framføre ei bokhylle og ser ut av biletet.

Karl Ove Knausgård. Foto: Thomas Wågström / Forlaget Oktober

Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Eg har berre gitt ut Eva/Ida og vil veldig gjerne sjå den som film. Helst skulle eg gått på filmskule og regissert ho sjølv, eller så kunne Céline Sciamma regissert ho. Eg ville nok casta nokon som ikkje er etablerte som skodespelarar, ein som studerer biologi og er frå bygda som Ida og ein Art Direction-student frå Oslo eller Bærum som Eva. Det viktigaste er at filmen er truverdig og kompleks.


Her kan du sjekke ut fleire bokhyller!

Bokomslag og teksta: They will not burn

Hekseprosessane i Vardø når eit engelskspråkleg publikum. Foto: Manilla Press/Bonnier Books

Fakta

Namn: Nadine Mackell
Alder: 32
Frå: Bærum
Utdanning: Bachelor i pedagogikk, Forfattarstudiet i Bø og diverse andre studium.
Yrke: Driv ei samtalegruppe for menneske med demens og er forfattar.