Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 14:12

– Det går i periodar kor mykje eg les, men jamt over burde eg nok lesa langt meir med tanke på at eg lev av å skriva.

Journalist og forfattardebutant Cornelius Condrup Steinkjer frå Oslo medgjev at han les langt mindre enn han burde.

24-åringen melder film-, litteratur- og kunst for Subjekt, og debuterte nyleg med sin første roman.

Sorl handlar om Lyder Alving, ein vestkantgut i 20-åra på veg inn i kultureliten som lever med ei bipolar liding. Hovudpersonen vert drege mellom lengselen etter eit svevande liv og behovet for rutinar.

Me har teke ein kikk i bokhylla til meldaren og debutanten.

Desse bøkene fekk Cornelius C. Steinkjer til å grina, le, verta sint og tenkja.

– Eg har diverre ikkje noko nattbord å leggja bøkene mine på, så bøkene ligg strødd utover rundt om i heile leilegheita sidan eg ikkje har gått til innkjøp av fleire bokhyller, skriv Steinkjer til Framtida.no.

Denne kvelden har han tenkt å lesa Lang dags ferd mot natt av Eugene O´Neill, sidan han snart skal sjå det oppsett i Stavanger. Vidare vurderer forfattaren eit nytt forsøk på å lesa Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad.

– Førre gong høyrde eg rundt ein tredel på lydbok. Eg trur kanskje det blir lettare å halda fokus om eg les pocketen eg har i hylla.

Les helst skodespel

– Kor les du? 

– Helst utanfor heimen. I kvardagen les eg på kaféer, medan i feriane les eg på hytter.

– Kva bøker les du helst?

– Eg føretrekker å lesa skodespel, men les gjerne òg romanar, novellesamlingar og dikt. Eg har generelt lite interesse av å lesa bøker som tilhøyrer ein bestemt sjanger, som fantasy eller science-fiction. Det er mellommenneskelege interaksjonar som plar å fascinera meg, i mindre grad detaljane rundt.

Forelska i Cathy Ames

 Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Eg blei lest mykje for som barn. Best hugsar eg at mamma las Bildet av Dorian Gray for meg, og at pappa las Ringenes Herre. Mindre fascinerande var dei kveldane mamma las uengasjert frå Donald-blad utan å visa meg teikningane.

Far til Cornelius Steinkjer las Ringenes Herre for sonen sin. Her er Elijah Wood i rolla som hobbiten Frodo.

 Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– John Steinbecks Øst for Eden gjorde eit usletteleg inntrykk på meg. Dei som skuldar Steinbeck for å vera enkel og unyansert må lesa hans episke familiesaga. Romanen sin kompleksitet og rikdom vil truleg påverka meg livet ut. Særleg var rollefiguren Cathy Ames ei sentral drivkraft i å halde fram lesinga, ei kvinne både diabolsk, infam og kompleks. Kanskje mi første store forelsking.

Sjå Jo Van Fleet i den klassiske rolla som antagonisten Cathy Ames i filmatiseringa av East of Eden:

 

Cornelius Steinkjer kjenner seg mest att i bøker som skildrar ein distanse mellom forventninga av sanselege inntrykk og den faktiske opplevinga.

– Ein slik dissonans fører med seg ein trugande tomheit, og kanskje er det difor mange skriv. For å fylla eit tomrom, men prosjekta har det med å bli altoppslukande, og tankane held seg aldri i ro. Behovet for å skriva er ei forbanning, og det er krevjande å ta seg fri frå idémyldringa. Ingen har skildra dette betre enn Anton Tsjekhov i Måken. Rollefiguren Boris Aleksejevitsj Trigorin er ein forfattar fanga av sitt virke. Det er ideane som har kontroll over han, og ikkje omvendt. Eg vart kjent med Måken lenge før eg vart anteken, og Trigorin gav meg ei forståing av kvifor eg skreiv trass i refusjonar og motstand.

Strukturlesing

For Cornelius C. Steinkjer er strukturen det aller viktigaste i ei god bok.

– Den treng ikkje å gje umiddelbar meining for lesaren, men rammeverket bør likevel vera innbydande. Utan ein god struktur raknar alt, òg språket, uansett kor gode setningane er. Ein god struktur kan derimot redda eit flatt språk. The Great Gatsby vert ikkje hugsa som ein av 1900-talets beste bøker på grunn av setningane, det skuldast romanens struktur.

 Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive? 

– The Marriage of Heaven and Hell er kanskje inga lang bok, men det er ei formidabel samling tekstar. Utant tvil boka eg kunne ønskja eg sjølv hadde i meg. William Blake trong berre 24 sider til å overtyda meg. Det ville heller ikkje skada å ha Utenfor døren av Wolfgang Borchert i eige repertoar.

Østers med Oscar Wilde

 Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg ville invitert Oscar Wilde til ein kveld med Nyetimber og østers frå den irske vestkysten.

Oscar Wilde fotografert i New York i 1882. Foto: Napoleon Sarony

 Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Michel Houellebecq er kanskje ikkje direkte undervurdert, men han vert oftast assosiert med skildringane hans av begjær og bøkene sin proteksjonistiske natur. Å ikkje sjå forbi dette tyder, om ikkje anna, på ein dårleg lesar. Slik eg ser det seier Houellebecq noko essensielt om det moderne mennesket, om konsekvensen av det 20. hundreår og kor vi er på veg. Eg forstår kvifor ein kan oppleva element i bøkene hans som problematiske, men det er ingen grunn til å la vera å lesa ham.

Cengiz Al som Lyder Alving

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Eg burde kanskje valt Henrik Ibsen, som er min favorittforfattar, men eg går for Fjodor Dostojevskij. Eg har hatt store opplevingar med Dostojevskij, og fleire av dei viktigaste bøkene hans har eg enno til gode å opne.

Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Eg hadde Emil Johnsen i tankane då eg skreiv Sorl, men han er nok akkurat litt for gamal. Cengiz Al trur eg ville gjort ein god Lyder Alving. Kjersti Dalseide ville utmerka seg som Hedvig, så ville det vore spennande å sjå Gina Bernhoft Gørvell i ei rolle som Rebecca.  


Cengiz Al og Bahare Viken skal leia «Festen etter fasten» på NRK 1 22. april 2023. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

 

 

Cornelius Condrup Steinkjer

Alder: 24 år

Frå: Oslo

Utdanning: Vidaregåande skule

Yrke: Journalist