Helene (26) har bilen som feriebustad

NPK-Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert
Oppdatert 19.12.2023 09:12

Den turglade påverkaren har nesten 400.000 følgjarar på Instagram. Her deler ho inspirasjon og tips for reising rundt i heile Noreg. Turane skjer ved hjelp av ein bil, ein primus og mormor sine gamle ullgenserar.

– Det som gjorde at eg starta å reise rundt i Noreg på denne måten, var økonomi. Eg var 18 år, hadde flytta frå Skien til Oslo og var student, og hadde derfor ikkje veldig mykje å rutte med. Men eg hadde ei stasjonsvogn, oppdaga eit bilde av Trolltunga og la i veg, fortel Helene.

Frå bilen Helene fartar rundt i Noreg med – ein Caddy Maxi ho har bygd seng i og kallar for Vera. Foto: Helene Myhre

Nå er ho aktuell med si andre bok som skal gjere det enkelt og budsjettvennleg for folk å oppdage eige land.

Tankevekkjande feriering

Etter om lag 700 reisedøgn har Helene skapt hundrevis av ferieminne blant norske fjell, fjordar og landevegar.

Det er takka vere bruk av bilen som overnattingsstad. Med 150.000 kilometer bak rattet har ho funne ut at så lenge seta kan leggjast flate, kan bilen nyttast til noregsferie. Da kan ein leggje inn ei madrass, og om bilen ikkje er lang nok kan ein eventuelt sove med bakluka open.

Nå fartar Helene rundt i ein Caddy og held framleis på med den budsjettvennlege reisinga ho starta med i stasjonsvogna si, trass at ho ikkje er student med dårleg råd lenger. Ho meiner nemleg at denne måten å reise på set ting i perspektiv.

– Når eg bur i Oslo såpass «luksuriøst» til vanleg, med varm dusj, kjøken, butikkar, kafear og alt tilgjengeleg heile tida, så vil eg ha den kontrasten med å kome til bilen der alt er mykje enklare.

Matlaging på primus i Steigen. Foto: Helene Myhre

Ho vil kjenne på det meir primitive livet nærare naturen. Da veks takksemda for det som alltid er tilgjengeleg i kvardagen, som til dømes gleda over å ha rennande vatn.

Til fjord og fjell for å finne ro

– Før eg drog på min fyrste tur var eg ikkje glad i naturen. Eg måtte bli dregen med ut på skiturar når eg var yngre, fortel Helene.

Men nå er fjell det beste ho veit – jo brattare jo betre. Det er lite som kan samanliknast med Sunnmørsalpane, meiner ho.

– Det er så spektakulært og magisk.

Helene fortel at å vere ute på tur gjer at tankane blir sett i gang og at ho får jobba gjennom inntrykk ho får gjennom ein hektisk kvardag.

– Naturen er som meditasjon, seier Helene, sjølv om ho òg bruker naturen som ein stor, gratis fornøyelsespark.

I tillegg til naturen, byr Noreg på bygder med kvalitetar Helene verdset høgt.

– Slik som Urke Landhandel på Sunnmøre er heilt spesiell og noko ein ikkje finn i byen. I Hardanger står det kjøleskap langs vegane der ein berre kan vipse og ta med ei flaske med eplesider. Det handlar om at ein stoler på folk på ein anna måte enn i byen.

Påverkar med ein vri

Aurlandsfjella. Foto: Helene Myhre

Helene ønskjer å påverke andre, både gjennom Instagram og bøkene sine, til å få dei same opplevingane som ho.

– Det å få folk ut kan eg gjere ved å vise reisene mine på ein slik måte at folk kan relatere seg til meg. Eg vil ikkje ha ein konto som viser at eg bur på fem stjerners hotell og har mykje dyrt utstyr. Det eg driv med skal vere budsjettvennleg, lågterskel og enkelt å få til.

Dette er noko av grunnen til at ho som ein av få påverkarar, ikkje inngår kommersielle samarbeid. Det einaste ho tener på er produkt ho har laga sjølv, som bøkene, digitale kart og bildefilter.

Den noko utradisjonelle påverkaren ynskjer òg å få folk i aktivitet, i staden for «å reise til Syden i to veker og liggje rett ut på stranda».

– Kva er det for noko? Ein får jo energi av å bevege seg. På ein slik ferie tenkjer eg at ein lett kan kome heim igjen og vere like utsliten.

Kortreist med lite klimaavtrykk

Helene peiker på at ein ikkje kan dra til Syden ein gong i månaden, men å reise i eige land kan ein gjere ofte.

– Ein treng ikkje reise meir enn ein time eingong. Da handlar ikkje ferie lenger om dei fire vekene på sommaren, men alle turane ein kan gjere i små drypp gjennom året.

Dalen i Telemark. Foto: Helene Myhre

Malin Sofie Lervik, kommunikasjonsrådgivar i Norsk familieøkonomi fortel at det har vorte vanleg å assosiere sommarferie med utanlandsreiser eller hotellopphald. For mange er dette uaktuelt nå som både rentene og dei fleste andre kostnadane stig.

Lervik meiner at det som er fint med måten Helene reiser på, er at ho nyttar seg av det ho har frå før.

– Det er absolutt det mest budsjettvennlege tipset du kan få.

Ingrid Kleiva Møller, fagansvarleg for berekraftig mat i Fremtiden i våre hender, synest òg det er positivt at Helene viser moglegheitene for å feriere i eige land, med tanke på miljøet.

– Om ein ser på det personlege klimaavtrykket vårt, så er transport ein av dei største enkeltfaktorane. Det blir eit relativt stort klimaavtrykk om ein køyrer bil, men det blir langt større om ein tek fly på ferie.

Frå midnattsol til vestlandsidyll

Helene Myhre kjem ikkje til å parkere bilen med det fyrste.

– Det er så mykje eg ikkje har sett enno. Eg har for eksempel ikkje vore i Finnmark eller på Svalbard, så eg har mykje att å utforske.

Ho tykkjer det er vanskeleg å nemne ein ferievinnar blant alt ho har opplevd så langt. Ho ramsar opp Aurland, Sunnmøre og Hardanger, før ho til dels landar på eit svar:

– Kanskje Stryn er favoritten. Det er der eg har vore mest opp gjennom. Loen, Olden og Oppstryn er nydeleg.

Oppstrynsvatnet frå Segestad. Foto: Helene Myhre

Seinare i sommar går turen nordover for å sjå midnattssola. Etter nokre veker der vender ho bilen mot Vestlandet og plassane ho held aller kjærast.

Ferie på budsjett

Malin Sofie Lervik i Norsk familieøkonomi har følgande tips til deg som vil spare pengar på ferien.

  • Lån turutstyr gjennom ordningar som bua.no eller frilager.no
  • Planlegg godt – sett opp budsjett
  • Ta med mat snacks og drikke om du skal besøkje fornøyelsesparkar
  • Bestill billettar til attraksjonar på førehand – det er ofte billigare
  • Reis utanfor høgsesongen

Kollasj av syklande, turistar, tomater, plantar og eit polaroid-foto

Foto: Henry Xu. Illustrasjon: Canva

Helenes topp 10-liste

1. Sunnmøre

2. Lofoten

3. Stryn

4. Romsdalen

5. Aurland

6. Steigen

7. Hardanger

8. Jotunheimen

9. Lyngen

10. Telemark

Berekraftig ferie

  • Ferier nærare heimen – ta tog, buss eller køyr framfor å flyge
  • Test ut lokalmaten der du er på ferie – et opp maten
  • Del, lån og leig utstyr, hytter og bilar

Kjelde: Ingrid Kleiva Møller i Fremtiden i våre hender