Runa og Lars sine beste reisetips

Kjærasteparet deler tips til destinasjonar og sparing.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Framtida har tidlegare skrive om Runa Tranøy Aasheim og Lars Lorentzen Kverne som brukar 20-åra på å prioritere reising. Dei har mellom anna vore på safari i fleire land i Afrika, svømt med hai på Hawaii og vore på backpacking i Thailand.

Her deler det drevne, reiselystne paret sine beste reisedestinasjonar, og gir råd til korleis ein kan spare til større reiser.

Beste reisedestinasjonar

1. Maldivene

– Eit dykke- og snorkleparadis. Nydelege strender og sandbankar.

Ein hai som svømmer under havet.
Runa og Lars skildrar Maldivene som eit dykke -og snorkleparadis. | Foto: Privat
Ei jente flyt i havet på Maldivene.
Runa flyt i det krystallklare havet. | Foto: Privat
Ein mann svømmer med ein fisk under havet.
Lars sym med fiskar på Maldivene. | Foto: Privat

2. Hawaii

– God mat, nydelege strender og haidykking. Her dykka me med Galapagoshaiar utan bur, vår største draum!

Ein mann svømmer med hai under vatn.
På Hawaii dykka kjærasteparet med hai. | Foto: Privat
Blått hav som slår inn mot ei sandstrand.
Foto: Privat
Ei dame klappar ein hest over eit gjerde.
Foto: Privat

3. Thailand

– Første landet me blei forelska i. Nydelege folk, god mat og fine dykkemogelegheiter. Me har vore her tre gongar.

To mennesker som dykker under vatn.
Dykking har Runa og Lars gjort mykje av i Thailand. | Foto: Privat
Ei dame sitter på ein stein mot ei øy i Thailand.
Foto: Privat
Ein mann kikkar inn mot ein elefant i ein jugel.
Foto: Privat
Hav som slår inn til i ei strand.
Foto: Privat
Ei gate i full av folk med boder ved sidan av.
Foto: Privat

4. Namibia

– Eit unikt land. Safari, ørken og nydeleg landskap. Me kjørte gjennom Namibia til Zimbabwe i tre veker, og sov i telt på taket på bilen.

Ein elefant står på savannen.
I Namibia var paret tett på dyrelivet med kamera. | Foto: Privat
To nasehorn som springer på savannen.
Foto: Privat

Beste sparetips

1. Last ned spareappen Dreams

– Den stel små beløp frå kontoen utan at du merkar det.

Ein skjermdump av ein spareapp som viser kor mykje pengar ein har samla opp.

Runa og Lars nyttar spareappen “Dreams” for å spare til reisane. Foto: Privat

2. Shoppestopp

– Det er vanskeleg å ikkje vere ein del av «shoppesamfunnet», men dette har gjort at me kan spare store delar av lønninga på grunn av lite forbruk.

3. Jobbe mykje

– Har du mogelegheit til å jobbe overtid, er dette gull.

4. Me flytta frå Oslo til heimstaden Stord grunna høge prisar

– Me kan spare mykje meir av løna når me bur på Stord.

5. Det kan løne seg å binde seg til ein flyallianse – for å spara pengar der

– Me fekk reise gratis på businessclass til Afrika, fordi me hadde spart SAS-poeng. Veldig smart!

6. Spar saman

– Bli einige om eit fast beløp som skal gå til sparekonto. Det går mykje fortare om ein sparar saman, og det er meir motiverande å sjå at beløpet stig.