Festkakebordet: – Baking er ein aukande trend og ein lidenskap for mange

Festdagane i mai byr på kakebord. Anniken Bævre frå Bakemesterskapet har trua på amerikansk smørkrem, men bygdekvinnelaget slår eit slag for den gode gamle blautkaka.

NPK – Eline Krøvel
Publisert

Om det er 17. mai-frukosten som skal sørgjast for, tenåringen i huset som skal konfirmerast eller eit tidleg sommarbryllaup som skal planleggjast og koordinerast, er kakebordet uansett eit must her til lands.

Overdådige kakebord har nok alle barndomsminne om, og eit tradisjonelt kakebord er noko mange har forventingar om når det er invitert til fest.

– Kakebord i festlege lag er veldig viktige, seier Nelly Marie Ytterli i Møre og Romsdal bygdekvinnelag.

Med inntoget av fleire nye trendar, skyv det kanskje gamle tradisjonar til side. Korleis ser det norske kakebordet ut for tida? Kor stort bør det vere og kva kaker må eigentleg med?

Ifølgje anbefalingar frå Opplysingskontoret for brød og korn bør du rekne tre kakestykke per person når du planlegg kakebordet. Men Bygdekvinnelaget har andre erfaringar:

– Skal det vere eit skikkeleg kakebord, må det vere omtrent ei halv kake per person, seier Ytterli.

Ho har budd på Sunnmøre dei siste 50 åra og det vestlandske, og kanskje særleg det sunnmørske, kakebordet er vidt kjent for storleiken. Grunnen til dette ligg i tradisjonar frå gammalt av, trur Ytterli.

– Det var ein tøff kvardag, men når ein kom til festlege lag, så var det noko å gle seg til. Tidlegare når ein var i festlege lag, var det ikkje berre vertsskapet, slik som det ofte er i dag, som baka og laga til, men det kom sendingar frå alle som var inviterte i selskapet. I store bryllaup for eksempel, var det spelemenn som spelte medan serveringsdamene gjekk i tog og bar inn kaker til festen, seier ho.

Tradisjonane kring festbordet har forandra seg litt, og det gjeld også type kaker ein ser på kakeborda.

Slår eit slag for blautkaka

På bordet er det forventa at det blant anna må vere kremkaker, noko med sjokolade i og kanskje ei marsipankake, fortel Ytterli. Men desse forventningane har endra seg dei siste åra.

Helle Cecilie Berger, også i Norges bygdekvinnelag, ser mellom anna at bakst som var populær før, som napoleonskake, vassbakkels og tunge sjokoladekaker, som tropisk aroma, er det ikkje så mykje av lenger.

Nyleg vart Noregs favorittkake kåra etter nesten 800 innspel frå NRKs publikum. Etter ein svært jamn kamp om førsteplassen, var det til slutt Kvæfjordkaka, eller “Verdas beste”, som stakk av med sigeren. Ostekake og suksessterte følgde tett bak.

Bygdekvinnene erfarer mykje av det same og seier dei sjeldan ser eit kakebord utan desse kakene. Dei noterer seg også at brownies, kaker med nøttebotn som mellom anna passar godt for dei med glutenallergi, oreokaker, makronar og pavlova er svært populære. Det dei derimot saknar på kakeborda for tida, er den gode, gamle blautkaka.

Kommunikasjonsrådgjevar i Norges Bygdekvinnelag Helle Cecilie Berger trur merkedagar og festdagar er ei god anledning til å prøve ut nye smakar og utveksle kakeoppskrifter. | Foto: Studio Alma AS

– Blautkaka er ei fantastisk kake å bruke ferske bær og frukt i og ho kan på denne måten følgje sesongane, seier Berger.

Men viktigast av alt er å ha litt for ein kvar smak:

– Eit kakebord må ha litt variasjon. Ein kan ikkje berre ha tunge sjokoladekaker eller kaker med nøttebotn. Nokre må vere friske og syrlege og andre tyngre, seier Berger.

– Så er det jo fint med kaker med fargar på, ikkje berre den kvite kremen. Det skal vere litt dekorativt også, legg Ytterli til.

Aukande trend

Bake-influensar Anniken Bævre står på kjøkkenet og testar ut nye kake-idear til 17. mai, når ho plukkar opp telefonen frå Nynorsk pressekontor. Ho har fleire tusen følgjarar på Instagram og Tiktok som ho stadig freistar med gyllen gjærbakst og forseggjorde kaker.

24-åringen var nyleg med på NRK-suksessen Bakemesterskapet, der ho konkurrerte mot andre hobbybakarar frå heile landet om den gjæve førsteplassen. Via kanalane sine på sosiale medium har ho lagt merke til at det er særleg nokre typar kaker som går igjen på festbord og blant kakeglade.

– Typiske amerikanske kaker med mykje smørkrem og «drip»-dekor har vore populære lenge, og eg er usikker på om dei nokon gong kjem til å gå av moten. Elles ser eg også ein del vintage-kaker som er på veg tilbake. Kaker med mønster og bruk av ulike sprøytetoppar med rom for å vere meir kreativ.

Typiske «amerikanske» kaker med smørkrem og drip-design er særleg populære no, ifølgje Anniken Bævre. Her er ho i aksjon under Bakemesterskapet på NRK. | Foto: Anders Myhr Nielsen

Gjærbaksten er verkeleg tilbake, legg Bævre til.

– Då eg starta med å legge ut bakevideoar på Tiktok for tre år sidan var det ingen liknande videoar. No trur eg baking er ein aukande trend og ein lidenskap for mange. Før var det kanskje berre bestemor som stod for gjærbaksten, men no har det gått sport i å finne den beste bolleoppskrifta.

Bygdekvinnene har notert seg dei same trendane, og trur vassbakkelsen kan vere på veg tilbake som følgje av ei nyvakna interesse for bakst med kremfyll.

Kan alle bake?

Bævre fortel at ho stadig får førespurnadar og meldingar frå folk som ferske når det gjeld kakebaking, også frå jenter ned i 12-årsalderen – alderen ho sjølv var i då ho fann eiga bakeglede, som spør om tips og råd. Ho har éin beskjed til dei som kanskje for første gong skal plukke opp visp og slikkepott:

– Alt eg har å seie er øv, øv, øv! Ingenting kjem av seg sjølv. Blar ein eitt år tilbake i videoane eg la ut på sosiale medium, ser ein skeive kaker med oppsprokken smørkrem og heilt utan pynt. Det å skulle vere med i Bakemesterskapet fekk meg til å øve og øve, og no får eg til både blank og fin smørkrem og rette kantar.

For dei som allereie har hatt nokre rundar med sprøytepose og fondant i hendene og har lyst til å utfordre ferdigheitene endå meir, oppfordrar Bævre å finne inspirasjon på Instagram og Tiktok.

– Finn noko å la deg inspirere av og noko du har lyst å lage. Og gjerne frå nokon som er 10 prosent betre enn deg. Då har du noko å gå etter og du slepp å tenkje på at det er eigen fantasi det skortar på.

Bygdekvinnene på si side trur slike festdagar, som 17. mai, konfirmasjonar og bryllaup er ei god anledning til både å teste ut nye smakar, men også å kunne plukke med seg ei ny oppskrift eller to.

Ein ting er i alle fall Bævre sikker på: Alle kan bake!

– Eg trur alt handlar om interesse. Har du lyst nok og interessa er der, så får du det til. For meg var det sånn. Då eg var med i Bakemesterskapet var læringskurva bratt, men interessa var der, og no er eg ein mykje betre bakar enn før eg reiste på innspeling.

Sjølv om den unge bakaren kjem med ein liten brannfakkel og innrømmer at ho ikkje er særleg glad i kaker og søtt, er det særleg ein ting ho må ha med på eit kvart kakebord:

– Gulrotkake! Det er eit must. Sjølv om eg ikkje er ein person som er så glad i kaker og søtsaker, er gulrotkake det beste eg veit.