FNs menneskerettsråd fordømmer koranbrenning

Edith Meek Allern
Publisert

Eit splitta FNs menneskerettsråd vedtok tysdag 11. juli ein resolusjon om religiøst retta hat. Resolusjonen fordømmer brenning av Koranen. 

Forslaget blei fremma av Pakistan i kjølvatnet av koranbrenning i Sverige førre månad, då ein demonstrant reiv i stykke, skitna til og brann Koranen utanfor ein moské under Eid. Hendinga utløyste protestar i fleire land. 

I resolusjonen blir koranbrenning beskrive som støytande, respektlaust, ein klar provokasjon, og eit brot på menneskerettane.

Europeiske land stemte mot

Resolusjonen oppfordrar statar til å gjennomgå nasjonal lovgiving for å tette hol som gjer det vanskeleg å «førebyggje og straffeforfølgje» hatefulle handlingar «retta mot religion, som representerer ei oppfordring til diskriminering, fiendskap og vald».

28 land stemte for resolusjonen, tolv land imot og sju land avstod frå å stemme. Ti av tolv europeiske land stemte mot; Georgia avstod frå å stemme og Ukraina stemte for. 

Representanten frå Frankrike uttala at menneskerettane handlar om å «beskytte menneske, ikkje religionar og symbol». Den tyske representanten kalla koranbrenning ein «forferdeleg provokasjon», men sa at ytringsfridom og inneber «å høyre meiningar som verkar uuthaldelege». Den pakistanske representanten uttala at resolusjonen ikkje søkjer å kneble ytringsfridomen, men å «finne ein balanse», meldar The Guardian.

Forbode med forhandssensur

I ei meiningsmåling gjennomført av InFact for Nettavisen, meiner 44,5 prosent av dei spurde at brenning av koranen og andre heilage symbol ikkje burde vere tillaten.

Koranbrenning er rettsleg sett ei lovleg ytring, ifølgje spesialrådgivar for ytringsfridom i Noregs institusjon for menneskerettar, Anine Kierulf.

I Noreg er førehandssensur forbode etter Grunnloven.

Etter dei internasjonale menneskerettane krevst sterke grunnar for å gjere inngrep i ytringsfridomen, og det er høg terskel for førehandssensur. Resolusjonar frå FNs menneskerettsråd er ikkje rettsleg bindande, men kan få tyding i tolking av menneskerettane.

PST åtvara i vår mot å gjennomføre koranbrenning og melde at det blei rekna å auke terrorfaren i Noreg.