Bufdir: Noreg kan ikkje innføre tredje juridisk kjønn før 2032
Bufdir har greidd ut ein tredje juridisk kjønnskategori og foreslår ei rekkje rettslege tiltak for å anerkjenne ikkje-binære personar i norsk lovgiving.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Alle skal leve trygge og frie liv. Då kan det ikkje vere slik at mange ikkje-binære har dårlegare livskvalitet enn resten av befolkninga, og opplever at dei har ein uavklart rettssituasjon.
Det seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) i ei pressemelding.
Bufdir overleverte utgreiinga si om tredje juridisk kjønnskategori til ministeren på torsdag.
– Bufdir trekkjer fram ei rekkje moglege tiltak som kan setjast i verk på kort og lang sikt. Vi kjem tilbake til korleis dette skal følgjast opp, seier Trettebergstuen.
Å innføre ein tredje juridisk kjønnskategori inneber mellom anna å opprette ein tredje kjønnskategori i folkeregisteret, i tillegg til mann og kvinne. Då må all lovgiving som brukar kjønnsspesifikk terminologi, blir gjennomgått for å vurdere om det er behov for endringar.
Fleire tiltak
Totalt har Bufdir greia ut tre forskjellige tiltak for å styrke rettsvernet til ikkje-binære personar:
- Tiltak 1: Reservasjon mot å oppgi kjønn i offentlege identifikasjonsdokument. Det vil seie ein «X» blir lagt til som ein alternativ kjønnsmarkør i papir som pass og nasjonalt ID-kort.
- Tiltak 2: Opprette ein tredje juridisk kjønnskategori i folkeregisteret kombinert med ein gjennomgang av relevant lovgjeving
- Tiltak 3: Ein nasjonal rettleiar for å anerkjenne kjønnsmangfald
Bufdir konkluderer med at alle desse tiltaka kan betre situasjonen for ikkje-binære personar. Likevel er det berre det å opprette ein tredje juridisk kjønnskategori som inneber full juridisk anerkjenning.
Dette er også det dyraste tiltaket, men Bufdir påpeiker at det kan bli gevinst i form av auka arbeidsdeltaking og mindre behov for helse- og omsorgstenester.
Ikkje før 2032
Sjølv om ein skulle innført ein tredje juridisk kjønnskategori, har Noreg framleis kjønna personnummer. Det vil seie at det tredje siste sifferet viser til om ein person er juridisk mann eller kvinne.
Dette vil bli endra i 2032. Bufdir påpeiker difor at det i praksis ikkje er mogleg å innføre ein tredje juridisk kjønnskategori før då på grunn av korleis datasystem registrerer personopplysningar.