Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 14:12

– Eg håpar homofile barn finn tilflukt i bøkene mine når dei oppdagar at ein som dei òg kan vera hovudpersonen. At dei òg kan redde dagen og få «prinsen» på slutten av «eventyret» og leva lykkeleg i alle sine dagar.

Det skriv forfattar og skodespelar Tom Erik Fure i ein e-post til Framtida.no.

Bergensaren står bak Benny Bark-serien på Cappelen Damm forlag, som han håpar kan vise unge lesarar at det at ein gut forelskar seg i ein gut er heilt naturleg.

– Og om nokon tenkjer at det er rart, eller ikkje greitt, håpar eg at dei har forandra meining etter å ha lese bøkene mine.

Disney og eventyr

Fure lærte seg tidleg å lesa, men har sterke minne frå høgtlesing frå Donald Duck-klubben sine bokversjonar av klassiske Disney-filmar, Alf Prøysen og klassiske rim, regler og eventyr.

– Hugsar framleis at illustrasjonen av ulven frå Alle barns eventyr skremte vitet av meg!

I tenåra gjorde Roswell-mysteriet av Willy Ustad, og Ukjente makter-serien av same forfattar sterkt inntrykk.

– Eg var (og er, høhø) veldig oppteken av UFO-ar og utanomjordisk liv.

Ringens brorskap

 – Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

The Lord of the Rings. Tenk å vera opphavspersonen til eit sånt meisterverk. Korleis fekk han plass til så mykje i hovudet sitt? Evig fascinerande.

J.R.R. Tolkien sin trilogi har verkeleg sett spor.

– Vinteren 2001, då eg var 17, las eg The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring med engelskklassen, medan vi venta på filmversjonen vi skulle sjå då den kom på kino. Det var valfritt å lese Two Towers og The Return of the King, men den vinteren slukte eg alle tre bøkene og har ikkje sett meg tilbake sidan.

Tom Erik Fure las The Lord of the Rings før storverket vart filmatisert og hadde aldri vore borti noko liknande. Her er Elijah Wood som hobbiten Frodo Baggins.

Ringenes Herre er ei av dei mest skilsetjande lesaropplevingane forfattaren har hatt. No har han teke fatt på bøkene på nytt.

– Eg er midtvegs i Two Towers, men det å lese Tolkien sakte, er noko av det eg likar best. Det er ei laaang reise, så det passar bra å bruka lang tid på den. The Lord of the Rings er ved sidan av The Hobbit og Simon vs. the Homo Sapiens Agenda, dei einaste romanane eg nokosinne har lese om igjen.

Fantasy-fantast

Engelske fantasyseriar har lenge vore ein favoritt, men Fure har etter kvart gått over til frittståande bøker.

– Jo tynnare, jo betre – for då får eg lese om så mykje forskjellig, noko som gir meg kjensla av å ha lese mykje meir enn eg eigentleg har, sidan tida rett og slett ikkje strekk til lenger.

Fure likar å lesa alt frå sakprosa, til barnebøker, ungdomsbøker, vaksen skjønnlitteratur og teikneseriar.

– Men, til hausten kjem Siri Pettersen sin nye murstein, Sølvstrupen, del to av fantasy-trilogien Vardari, så då er det rett tilbake på fantasykøyret igjen!

Kvinne med raudt hår og skinnjakke, samt bokomslag til Sølvstrupen

Fantasy-forfattar Siri Pettersen er ein favoritt. Foto: Foto: Julie Loen7Gyldendal

Den gule lesestolen

Etter at Fure bokdebuterte i 2019 har det vorte mindre tid til å lesa sjølv, men når han gjer det sit han gjerne i ein sliten øyrelappstol frå Ikea.

– Han var ein gong kanarigul, men må vel kunne seiast å minne meir om sennepsgul no.

For tida les han The Pledge av Cale Dietrich, Nemi: Montoya av Lise Myhre, Stolt av Benjamin Baarli Silseth, Gi slipp av Kasper Kristoffersen og Imogen, Obviously av Becky Albertalli.

– Eg har ein tendens til å byrja på veldig mange bøker om gongen, sidan eg les veldig basert på kva slags humør eg er i akkurat der og då.

Illustrasjon ac born og teikneseriefiguren Nemi

Tom Erik Fure les Nemi av Lise Myhre og Benjamin Silseth Baarli si bok «Stolt». Foto: Gyldendal, Cappelen Damm

Fure er glad i bøker som blandar sjangrar, bryt reglane, går sin eigen veg og overraskar.

– Får du meg til å le, er eg din for alltid. Og gode karakterar over alt anna. Plottet i ei bok kan vera så originalt og fantastisk det berre vil, men om karakterane er pappfigurar, er slaget tapt.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Kanskje Simon James Green? Han får meg til å hyla av latter med kvar einaste utgjeving og skriv dei mest sjarmerande karakterane.

Forfattar Simon James Green skriv tenåringsbøker der hovudkarakteren er ein homofil gut. Foto: Gareth Williams

Brev frå far

– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Kor undervurdert den er, veit eg ikkje, men eg meiner definitivt at langt fleire her i Noreg burde vera klar over at Letters From Father Christmas av J.R.R. Tolkien finst. Det er ei bok beståande av brev Tolkien skreiv til borna sine kvar jul frå 1920 til og med 1943, ført i pennen av julenissen og nokre gonger isbjørnen, på Nordpolen. Boka inneheld bilete av dei originale breva, ved sida av teksta, i tillegg til alle dei vakre fargeillustrasjonane Tolkien sjølv teikna. Den kom ut for ikkje så mange år sidan i ei ny og stor praktutgåve.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest att i?

– Antakeleg Simon Spier frå Simon vs. the Homo Sapiens Agenda av Becky Albertalli. Og Benny Bark frå min eigen bokserie. Openbert.

Teikning av to gutar og ei jente

Tom Erik Fure kjenner seg att i Benny Bark-karakteren sin. Illustrasjon:

Amerikanske Becky Albertalli har alt vore på middag hjå tom Erik Fure. Foto: kagge Forlag

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du hatt på middag?

– Eg har faktisk allereie vore så heldig å ha hatt Becky Albertalli på middag, og ho lever framleis i beste velgåande! Så om eg skulle valt ein som ikkje lenger er blant oss, trur eg det måtte blitt Terry Pratchett. Det trur eg kunne blitt ein underhaldande middag! Tolkien trur eg kanskje kunne blitt litt slitsamt.

– Kva av bøkene dine ville du helst sett filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Sidan bøkene mine er ein serie, ville eg sjølvsagt likt å sjå alle fire filmatisert, men realistisk sett trur eg nok Benny går berserk og Benny går igjen ville vore enklast å filma og kunne blitt ein kul double feature, om dei filma dei back to back, sidan dei går føre seg med berre tre dagar mellom og barneskodespelarar veks som ugras!

Draumen hadde likevel vore ein Hollywood-produksjon av Benny går planken på ein IMAX-skjerm!

– Barneskodespelarar har eg diverre null oversikt over, men uansett kven dei fekk til å spela Benny, så måtte han hatt sjarmen og talentet til ein ung Macaulay Culkin!


Foto: Arthaus, HBO. Kollasj: Framtida.no

Tom Erik Fure

Alder: 39

Frå: Bergen

Utdanning: Skodespelar

Yrke: Forfatter