Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.07.2023 13:07

– Den boka eg har ledd mest av, altså måtte legge den ned å få igjen pusten og bokstavane forsvann i ein uklar dam av lattertårer, er Stillstand av Agnes Ravatn, då ho sit å høyrer på to damer frå Ålesund sitte å snakke på kafe. 

Det skriv Heidi Marie Vestrheim i ein e-post til Framtida.no.

46-åringen frå Øystese er frilansmusikar, programleiar i barne-tv og debuterte i år som barnebokforfattar.

– Mange måtar å vere menneske på

Jenny Fender handlar om ei ung jente som er åleine heime i bygda medan venninna er på ferie. Sommaren ser mørk ut, men så kjem det ein spanande nabo med rockesveis og trommesett i kjellaren.

Med Jenny Fender vil forfattaren vise kjærleiken og lidenskapen til musikken, kor fint vennskap er, kor fint det er å spele i band, men også så skjørt det kan vere.

– Eg syns også det er fint å vise at det finst mange måtar å vere menneske på, kven ein blir forelska i og at ein kan godt ta litt plass her i livet og ha store draumar og pågangsmot. Og midt i det kan ein til og med vere ganske kjip med venen sin utan at det betyr at livet er over og ein berre kan gå å legge seg. Og skamme seg. Ja til mindre skam og meir lidenskap! 

Me har teke ein kikk i bokhylla til Heidi Marie Vestrheim:

Heidi Marie Vestrheim les lite fantasy og krim. Det går mest i barne- og ungdomslitteratur. Det kan gjerne vere «coming of age», drama, personleg utvikling og slikt.

– Elles likar eg veldig godt at bøker er morosame og har eit godt driv i seg. Ting som går sakte og blar som vaiar i vinden og solstrålar som treff ulike flater kan eg få litt kløe av. 

Kvardagslesinga føregår utelukkande i senga.

– Elles håpar eg sommarferien i år byr på meir samangenhane sitting (no som ungane er 5 1/2 og 8 år gamle) så ein får tid til å ta opp boka. 

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Å, der ligg ein heil stabel: blant anna De kaller meg ulven, Zeshan Shakar, Noor og miniatyren, Julia Kahr, men nett no les eg Hva jeg gjorde med pengene av Maren Skolmen og Rut Granli si bok Invasjonen, Ephyra 1. Også høyrer eg Full spredning av Nina Lykke på lydbok. 

Bobsey Barna og Hardy-gutane

Lesegleda dabba litt av på ungdomsskulen, så Vestrheim kan ikkje hugsa at ho las så mykje i tenåra.

– Men hugsar at las Gerd Brantenberg St. Croix-trilogien på slutten av ungdomsskulen eller starten av vidaregåande – og det var spanande! 

Foto av kvinne som sit med ein blome og ung jente saman med ung kvinne

Livsskildringa til døvblinde Helen Keller (1880–1968) har rørt ei heil verd. Til venstre er keller fotografert av Los Angeles Times som 40-åring. Til høgre er ho 8 år gamal saman med læraren sin. Foto: Los Angeles Times photographic archive, UCLA Library og Stanton Avery Special Collections

– Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Mammo las Hellen Keller for meg og den gjorde veldig inntrykk på meg. Også Johanna Spyri si Heidi (som mammo elska så hardt at eg er oppkalla etter ho). Eller las eg sjølv alt av Bobsey Barna og Hardy-gutane. Prøvde meg litt på Nancy Drew, men vart ikkje hekta. Las alt av Anne Cath. Vestly! Fekk til og med autografen hennar i posten for eg skreiv særoppgåve om ho i sjette klasse. 

Tempo og humor

Heidi Marie Vestrheim meiner ei god bok er ei der ein blir engasjert og glad i hovudpersonen, heier på hen og alt det hen går gjennom, pønskar på, vil oppnå eller prøver å unngå.

– Eg likar at det er tempo og humor, overraskingar og godt munnleg språk. Også er det godt å lese historier som gjer at du gløymer din eigen for ei stund. At alt du vil er å søkke inn i den verda du har mellom dei to permane i hendene dine. Det er magisk. 

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Det anar eg verkeleg ikkje! Skulle ønske eg hadde lese Sagaen om Isfolket og kunne svart Margit Sandemo eller noko i den duren, men det har eg ikkje …

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

Tonje Glimmerdal. Den syns eg er både kompleks og lett og morosam og rørande og alt det fine på ein gang. 

Teikning av jente som hoppar på ski

Tonje Glimmerdal av Maria Parr har vorte ein stor barneboksuksess. Illustrasjon: Samlaget

Agnes Ravatn eller Patti Smith

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar resten av livet, kunne ho kanskje tenkt seg Agnes Ravatn.

– No har ho jo både krim og sjølvlæringsbøker og romanar og sakprosa og heile smølja. Litt av alt. Og eg ler når eg les ho. Og ho skriv på nynorsk. Ikkje minst. 

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Skulle likt å henge ei stund med Patti Smith. Snakka om livet i New York som ung musikar på slutten av 60-talet. Om å vere kvinne og menneske. Om å bli mor. Om skrivinga. Om poesi, musikk, ord som blir sett saman til historier, politikk, inspirasjon, mat, land ho har besøkt, kule filmar, fine bøker, kor ho finn ro, kva inspirerer, kvifor ho likar å henge med og prate med dei ho likar å henge med og prate med. Ja, alt sånt. Livet. 

Rockeikonet Patti Smith fotografert under ein konsert i 2014. Foto: smial, Wikimedia Commons

12 år gamle Juliette Lewis eller Kristin Stewart

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

– Nei, det må kanskje bli Jenny det då. Sjølv om ho er mykje tøffare enn meg. Eg drøymde jo om å bli musikal- og revyartist og synge i Sound of Music og stå på scenen med Hege Schøyen! 

– Jenny Fender vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Å, skitt det var vanskeleg spørsmål! Kanskje den 12 år gamle versjonen av ei breibeint Juliette Lewis eller Kristin Stewart med digert glis! 

Til venstre kvinne med briller, til venstre kvinne med mikrofon

Heidi Marie Vestrheim ser føre seg at ei ung Kirsten Stewart (t.v.) eller Juliette Lewis kunne gestalta jenny Fender godt. Foto: John Bauld og Rama, Wikimedia Commons