Kan ein gå med shorts på sommarjobben?

Edvard Storm Simonsen
Publisert

– Det varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass, kva regler det er rundt klede, seier Sindre Hornnes på telefon til Framtida.no.

Han er ungdomsrådgivar i LO og hjelper unge som skal ut i sommarjobb, kvart år, gjennom LOs sommarpatrulje. Patruljen reiser rundt i Noreg og informerer unge om rettane og pliktene dei har i arbeidslivet.

Ung mann med briller og raud t-skjorte

Sindre Hornnes, LOs ungdomsrådgivar. Foto: LO/Trond Isaksen

Snakk med sjefen

Hornnes seier at det er smart å snakke med sjefen på den nye jobben før du begynner, så det ikkje oppstår misforståingar.

Det er veldig lurt å ta ein prat med sjefen din før du begynner, om kva som er forventa på arbeidsplassen. Det pleier eventuelt ofte å stå i arbeidsreglementet

Nokon stader har du ikkje eingong eit val om kva du skal ha på deg.

– Det er jo nokre arbeidsplassar som har uniform, og ein del arbeidsplassar har krav om bruk på til dømes verneutstyr, som kan legge nokre føringar for kva ein skal gå med, eller kva ein ikkje skal gå med, seier Hornnes. 

Og viss du har ein jobb som krev at du skal bruke verneutstyr, treng du ikkje å betale for det sjølv.
– Det skal arbeidsgivar betale for, sidan du er pålagt å bruke det, seier Hornnes.

Les også: Dette må du vite før du startar i sommarjobben

Kan ein bruke shorts?

Eit spørsmål mange lurer på er om det er lov å gå med shorts på jobb. Ein er gjerne vant med at ein kan gå med nesten kva ein vil på skulen, og er usikre på korleis reglane er i arbeidslivet.

Eg ville ikkje gjort det første dagen på jobb. Når du kjem på jobb første dagen ville eg spurt kollegaer og eventuelt sjefen, om det går fint å bruke shorts på den verksemda, seier Hornnes på spørsmål om det er innafor å bruke shorts på jobb. 

Men kjempestrengt trur ikkje Hornnes det er så mange plassar.

– I utgangspunktet trur eg dei fleste forstår veldig godt at når det er såpass varmt som det er ute av og til, at ein ikkje ha på seg ullgenser til dømes. Samtidig så skal ein ikkje stå ved frityrsteikaren i kortbukse. Så det er litt utifrå kva som er situasjonen på dei ulike arbeidsplassane, avsluttar Hornnes. 


Les også: Slik er reglane for ferie og feriepengar

Vaksen mann ser gjennom vindauget på ein flyplass

Når du planlegg ferie, er det greitt å vite kva reglar som gjeld både for feriedagar og feriepengar. Illustrasjonsfoto: Getty Images