Fleire nordmenn vil innføre tredje juridisk kjønn

No støttar éin av tre nordmenn innføring av ein tredje juridisk kjønnskategori, men fleirtalet er framleis negative.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei fersk undersøking kjem det fram at 34 prosent av nordmenn er positive til eit tredje juridisk kjønn. Undersøkinga om kjønn er frå Opinion og ein del av samfunnsmonitoren deira.

1053 personar vart spurde om dei var einige eller ueinige med påstanden:

«Norge bør innføre et tredje juridisk kjønn, altså en tredje kjønnskategori som er likestilt med mann og kvinne.»

Av dei totalt 34,3 prosent som er einige er 15,6 prosent litt einige og 18,7 prosent heilt einige med påstanden.

Auke i både støtte og motstand

Opinion spurde tilsvarande spørsmål i fjor på vegner av Bufdir, og frå då har det vore ein auke i støtte. Berre 26 prosent av nordmenn var positive til eit tredje kjønn i 2022.

Samstundes er det fleirtal av dei som er negative til eit tredje kjønn, med 53 prosent. Det er ein oppgang frå 39 prosent i fjor.

– Eit lite fleirtal av befolkninga meiner at det ikkje bør innførast eit tredje juridisk kjønn, det gjeld spesielt blant menn. Kvinner er meir delt på midten i dette spørsmålet, seier seniorrådgjevar Nora Clausen i Opinion.

I dag har vi berre to juridiske kjønn i Noreg, men regjeringa greier no ut om dei skal innføre eit tredje. Resultatet blir klart i løpet av våren, og då skal dei bestemme om dei vil fremje eit lovforslag.

I stortingspartia MDG, SV, Ap og Venstre er fleire av veljarane for juridisk tredje kjønn enn dei er mot. For resten av stortingspartia er det motsett.


Les også:

Rekordmange antitrans-lover i USA: – Please, please, please, la oss eksistere