Støre om kunstgras-uroa: – Her står ein del på spel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Norsk fotballs «kunstgraskrise» var blant temaa i samtalane.

– Møtet har vore nyttig. Gummigranulat er eit stort miljøproblem, og det må vi handtere. Ein tredel av plast i naturen kjem frå denne kjelda. Derfor må vi ta tak i det, sa Støre på ein medieseanse.

Han la samtidig til at betydninga kunstgras med gummikuler har hatt på fotballutviklinga i eit langstrekt land som Noreg, ikkje kan undervurderast. Jentefotballen spesielt vart trekt fram.

– Her står ein del på spel, og vi har ei felles forståing av det, sa Støre.

I april stemde ein EU-komité fram eit forbod mot tilsett mikroplast i mellom anna kunstgras. Det er semje om at overgangsperioden vil vere på åtte år etter at forbodet trer i kraft.

Saka er ikkje 100 prosent avgjord. EUs medlemsland i ministerrådet og EU-parlamentet har tre månader på seg til å komme med innvendingar dersom dei vil endre avgjerda.

Vil unngå kokoshelvete

Jonas Gahr Støre og Lise Klaveness møter kvarandre ved Ullevaal stadion.
Foto: Terje Pedersen / NTB

Den siste tida har Klaveness teke opp problematikken på øvste nivå i politikarmiljøet. Førre veke var ho i samtalar med både kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) og klimaminister Espen Barth Eide (Ap) om granulatsaka.

Tysdag var det statsministeren som stod for tur. Møtet med Støre vart gjort i samband med Noregs EM-kvalifiseringskamp mot Kypros på Ullevaal stadion.

– Vi ønskte å formidle at vi ser eit skrikande behov for ein samlande, nasjonal kampplan og å bruke dei neste seks månadene på å velje ein veg som er løysingsorientert, sa Klaveness.

Fotballpresidenten meiner det er heilt avgjerande at klubbane får gode nok rammer til å prøve nye løysingar. Det siste ho vil sjå er «ville vesten» og kaos som lammar aktiviteten.

Vi er ikkje imot forbodet, men vi vil ikkje klare det utan ein nasjonal kampplan. Det må bli trygt for klubbane å teste det utan at dei blir kasta ut i eit kokoshelvete, sa Klaveness til NTB.

– Vi er heilt avhengig av dei eigenskapane kunstgras og gummigranulat har gitt oss, særleg på kvinnesida, la ho til.

Ber om 33 millionar

Klaveness sa undervegs at Norges Fotballforbund vil søkje om 33 millionar kroner over seks år til å setje i gang ei miljøkartlegging og finne alternativ til dagens kunstgras.

Støre sa ikkje noko om søknaden, men trur på eit godt samarbeid.

– Vi har eit sterkt forankra fotballforbund og miljø som kan trekkje saman med styresmaktene. Det har vist seg også i andre samanhengar, sa han til NTB.

Økonomi som barriere i barne- og ungdomsfotballen og berekraft var også tema NFF tok opp med statsministeren.


Ein fot sparkar opp masse gummigranulat på ei fotballbane.

Gummigranulat frå kunstgrasbaner blir spreidd i naturen. Miljødirektoratet reknar at kunstgrasbaner fører til eit årleg utslepp av mikroplast på ca. 6000 tonn. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB