Kyrkja tilrår tilsette å ha eigne TikTok-telefonar
Dersom kyrkjetilsette bruker Tiktok for å ha kontakt med unge, bør dei bruke eigne telefonar til dette, tilrår tryggingsutvalet i Den norske kyrkja.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Leiar Jan Rune Fagermoen i Tryggingsutvalet seier at dei tilrår at appen blir sletta frå telefonar som blir brukte i kontakt med medlemmer og tilsette.
Årsaka er at kyrkja vil verne personopplysningar.
– TikTok ein viktig kanal for å nå dei unge medlemmene våre. Det er ein kanal der dei kan stille spørsmål om kyrkja og kristen tru – og får vite meir om kyrkjeleg konfirmasjon. Derfor ønskjer vi å peike på moglegheita for å ha eigne telefonar til dette formålet, seier Fagermoen.
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) tilrådde i mars at TikTok ikkje bør installerast på mobilane til offentleg tilsette som er tilknytt interne system.