20 millionar ekstra til Nav-ordninga «Funksjonsassistanse i arbeidslivet»
Etter fleire veker med forhandlingar har Ap, Sp og SV blitt einige om revidert nasjonalbudsjett. Det kjem folk med funksnedssettingar til gode.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er gode nyheiter og vil ha stor påverknad for at folk med funksjonsnedsettingar kan komme seg ut i arbeid.
Det seier rådgjevar i organisasjonen Norges Handikapforbunds Ungdom, Sofie Jansen (26), på telefon til Framtida.no.
Tysdag annonserte Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti at dei var einige om revidert nasjonalbudsjett. Der var det sett av 20 millionar til Nav-ordninga «Funksjonsassistanse i arbeidslivet».
I slutten av mai gav NAV beskjed gjennom ei pressemelding om at det ikkje ville vere rom for å ta inn nye brukarar i ordninga med funksjonsassistanse.
Årsaka var at det rett og slett var tomt for pengar.
Leiar I Norges Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, sa følgande den gong:
– Nyheita kom overraskande på oss. Potten for funksjonsassistanse kan ikkje vere rammestyrt slik at den kan gå tom, om det skal vere ein rett som skal fungere for alle.
Godt på veg
Med 20 millonar ekstra til funksjonsassistanse frå revidert budsjett seier Jansen at dette var eit steg i rett retning.
– Eg tenker at målet på sikt skal vere at det er ein sjølvfølge at alle med funksjonsnedsettingar som ønsker å jobbe, skal ut i arbeid. Folk i samfunnet må begynna å sjå på folk med funksjonsnedsettingar som ein ressurs og ikkje ei byrde, seier Jansen.
Arbeidarpartiets arbeidspolitiske talsperson Tuva Moflag uttalte til Handikapnytt at 20 millionar er nok til å drifte funksjonsassistanse ut året.
– Dette har vore ei viktig prioritering for oss. Nyheita om at ordninga var i ferd med å gå tom for pengar, kom brått på. Og eg er veldig glad for at vi har fått retta opp det, seier Moflag.
Honnør til politikarane
På telefon med Framtida.no seier Brandvik at ho er glad for nyheita om meir pengar til funksjonsassistanse. Ho nyttar anledninga til å rose politikarane for rask og god handlekraft.
– Dei fekk informasjon svært seint, og måtte dermed ordne dette i revidert nasjonalbudsjett. Vi har fått veldig tydelege meldingar om at dette var noko dei ville prioritere, seier Brandvik.
Men sjølv om ordninga er redda for 2023 er Brandvik klar på at regjeringa må skapa føreseielegheit for tida som kjem.
– Vi forventar at funksjonsassistanse kjem inn under statsbudsjettet til hausten. Den riktige løysinga er at det blir ein rett, noko som vil medføre at det ikkje er fastsett av ein sum, slik at vi ikkje risikerer å hamne i ein situasjon der ordninga plutseleg blir avslutta, uttaler Brandvik.