Andregongsveljarar brukar stemmeretten minst

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I Noreg er valdeltakinga høg. Som regel stemmer 7 av 10 ved kvart val. Men éi gruppe skil seg ut.

Unge mellom 20 og 24 år er i særklasse når det gjeld å ikkje bruke stemmeretten sin. Under halvparten i denne gruppa går til stemmelokala. Det skriv NRK.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at ved førre lokalval i 2019 var det berre 47 prosent som møtte opp ved stemmeurnene. Dette er likevel betre enn i 2015, då oppslutninga låg på 36,4 prosent.

Postdoktor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Jana Belschner, er overraska over at så mange andregongsveljarar ikkje brukar stemmeretten sin i motsetnad til dei som skal stemme for første gong.

Ho peikar spesielt på tre moglege årsaker til den låge deltakinga for andregongsveljarar.

  • Dei bur ikkje lenger heime hos foreldra sine som kan minne dei på valet.
  • Dei har endra livssituasjon der dei kanskje har flytta heimanfrå og dei er opptatt med sitt.
  • Dei veit lite om partia.

– Avgjerder som blir tatt i dag kjem til å ha langvarige konsekvensar. Så for dei unge som har interesse i å påverke ikkje berre notida, men òg framtid, er det viktig å stemme, seier Belschner til NRK.


Eira Martinsen Garrido gjekk frå produksjon av TV-seriar til å bli varaordførar i Bergen. Foto: Jonas Tislevoll