Framtida
Publisert
Oppdatert 30.06.2023 15:06

Om du er som meg føretrekk du å lesa boka før filmen kjem. Eg har laga ei lista over bøker som får filmadaptasjonar det neste året. Om du er usikker på kva du skal bruka sumaren på er det kanskje noko på denne lista som freistar.

Heartstopper av Alice Oseman

Charlie er ein godhjarta og litt sjenert gut, som går i tiande klasse. Han er også ein av dei einaste opne homofile på skulen sin. Nick er stjernespelar på rugbylaget til skulen og går i klassen over Charlie. Dei har fram til no ikkje vore på kvarandre sin radar, men når dei byrjar i den same studiegruppa veks det fram eit venskap, og nye kjensler som dei må utforska. Heartstopper er ei lun historie fortalt som teikneserie om venskap og kjærleik, og om det å finna seg sjølv, både aleine og saman med andre.

Netflix har laga serien «Heartstopper» basert på Osemans bøker, og der blir gutane spelte av Kit Connor og Joe Locke. Foto: Netflix

I fjor kom sesong ein av Heartstopper på Netflix med Joe Locke og Kit Connor i hovudrollene. 3. august møter me dei igjen i sesong to. Det er duka for ein spanande sesong der me får eit gjensyn med karakterane me møtte i sesong ein, møte med nye karakterar, nye utfordringar og ein studietur til Paris. 


Red, White & Royal Blue av Casey McQuiston

Kva skjer når sonen til den fyrste kvinnelege amerikanske presidenten og prinsen av Wales, som har vore fiendar sidan barndomen, må lata som dei er vener for å ta vare på rykta til familiane sine? Jau, kjærleiken finn stad, sjølv der du skulle tru den ikkje kunne bløma. Men det er ikkje so enkelt for Alex Claremont-Diaz å balansera dei nye kjenslene som oppstår for prins Henry, samstundes som han prøver å starta si eiga politiske karriere. I alle fall ikkje når forholdet mellom dei to kan føra til skandale om det skulle bli offentleggjort.

Nicholas Galitzine (t.v) som prins Henry og Taylor Zakhar Perez som Alex Claremont-Diaz i Prime Video sin serieversjon av “Red, White & Royal Blue.” JONATHAN PRIME/PRIME VIDEO

Den 11. august i år kjem filmatiseringa av boka på Amazon Prime.

Me møter Nicholas Galitzine i rolla som prins Henry og Taylor Zakhar Perez i rolla som Alex Claremont-Diaz.


The Ballad of Songbirds and Snakes av Suzanne Collins

Det er klart for dei tiande dødsleikane. Coriolanus Snow har førebudd seg på rolla som mentor for deltakarane. Dette er sjansen hans til å stiga i gradene. Men Snow får ansvaret for den kvinnelege deltakaren frå distrikt 12. Lågare på rangstigen kjem du ikkje. Diverre kan ein ikkje endra på skjebnen. Dei to er no knytt saman, og undervegs i spelet må Snow vurdera om han skal følgja reglane, eller gjera det han kan for å overleva. 

Rachel Zegler og Tom Blyth speler Lucy Gray Baird og unge Coriolanus Snow i The Hunger Games: The Ballad of Songbirds and Snakes. Foto: MURRAY CLOSE/LIONSGATE

The Ballad of Songbirds and Snakes er forgjengar til serien Dødsleikane. Filmen kjem på kino den 17. november i år. I hovudrollene finn du Tom Blyth som Coriolanus Snow og Rachel Zegler som Lucy Gray Baird.


Lessons in Chemistry av Bonnie Garmus

Elizabeth Zott er utdanna kjemikar og ho er skikkeleg god i jobben sin. Men å vera kvinneleg kjemikar på 1960-talet er ikkje so lett, i alle fall ikkje når alle kollegaane dine er menn. 

Skodespelar Brie Larson har hovudrolla i tv-serieversjonen av Lessons of Chemistry. Foto: Apple +

So gjer livet som livet gjer, og sender deg i ei heilt anna retning enn du hadde tenkt deg. Elizabeth blir sittande igjen aleine, gravid og utan jobb. Nokre år seinare får ho jobb som programleiar på matprogrammet «Supper at Six». Og sjølv om det er meininga at ho skal læra sjåarane å laga mat, nyttar ho rolla si til å læra dei mykje meir.

Lessons in Chemistry kjem som serie på Apple+ den 13. oktober i år. I hovudrolla finn me Brie Larson, som mange kjenner som Captain Marvel frå Marvel-universet.


The Lightning Thief av Rick Riordan

Percy Jackson er ein ganske normal gut. Det er i alle fall det han trur heilt til mattelæraren hans blir til eit monster og prøver å drepa han. I eit forsøk på å få han i sikkerheit tar mor til Percy han med til Camp Halvblods; ein sumarleir for halvgudar. Det som såg ut til å bli ein heilt vanleg sumar tek ei brå vending då han finn ut at far hans er den greske havguden Poseidon. Men det stoppar ikkje der. Percy må saman med venene sine Annabeth og Grover ut på eit oppdrag som tek dei frå New York til Hollywood, for å hindra at det vert krig mellom dei greske gudane. 

Den fyrste boka om Percy Jackson kom i 2005 og tok verda med storm.

Neste sumar kjem sesong ein av Percy Jackson and the Olympians på Disney+.

Om du som meg las bøkene då du var yngre, men ikkje hugsar stort no, er dette ein gyllen sjanse til å lesa gjennom bokserien før filmatiseringa kjem. Og om du ikkje fekk lest dei då du var yngre, gjer det no vel!

I serien finn me Walker Scobell som Percy Jackson, Leah Jeffries som Annabeth Chase og Aryan Simhadri som Grover Underwood.

Les også: Fem bøker som får deg til å villa lesa meir

Kollasj med ung mann med briller og bøker

Herman Østby (21) oppdaga litteratur på slutten av ungdomsskulen og er no ein skikkeleg lesehest. Foto: Pixabay/privat