I 2022 auka medlemstala i Noregs Idrettsforbund: – Endeleg har pilene snudd

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Endeleg har pilene snudd. Tala viser at vi har lukkast med å rekruttere både nye og tidlegare medlemmer som valde å slutte då idretten vart stengt ned under pandemien. Det er svært gledeleg.

Det skriv tidlegare idrettspresident Berit Kjøll i ei pressemelding.

31. desember i fjor hadde Noregs Idrettsforbund (NIF) 1,82 millionar medlemmer. Det er ein auke på 2 prosent frå 2021, noko som utgjer 36 000 medlemskap.

Aktivitetstala som viser aktive utøvarar, trenarar og leiarar i idrettslaga, viser ein auke på 1,6 prosent. Det svarar til 25 000 medlemmer. Tala finn du her.

Oversikta viser at den absolutte veksten har vore størst i Golfforbundet og Tennisforbundet, medan Skiforbundet, Friidrettsforbundet og Fotballforbundet har opplevd den største nedgangen.

2022 var det første året NIF hadde medlemsvekst sidan koronapandemien kom.

Fleire tusen forsvann i 2020

Kommunikasjonssjef i NIF, Finn Aagaard. Foto: NIF/Thomas Brun/DAM

Kommunikasjonssjef i NIF, Finn Aagaard, seier over telefon til framtida.no at NIF har hatt ein jamn og stabil vekst i medlemmer fram til 2019.

– Vi fekk ein ordentleg smell då korona kom og idretten stengde ned. Tala for 2020 viste ein kraftig nedgang, der 180 000 medlemskap forsvann, noko som utgjorde om lag 10 prosent. Det var dramatisk, seier Aagaard.

Kommunikasjonssjef i NIF fortel at dette var jamt fordelt over ulike aldersgrupper, men at spesielt dei mellom 0 og 6 år vart råka under åra med korona. Årsaka til dette var at dei aldri fekk moglegheit til å starte opp.

– Dei hadde den største nedgangen, men det var gruppa vi var minst bekymra for. Desse kom i gang i det idretten opna opp igjen. Vi var meir bekymra for ungdommane, og der fekk vi rett.

Aasgaard seier det i etterkant har det vist seg at pandemien råka medlemstala i ungdomssegmentet mellom 13 og 16 år mest. Han beskriv 2021 som eit jojo-år med ein liten oppgang i medlemmer, men ein tilbakegang på aktivitetstala.

Om ein ser vekk frå januar, var 2022 det første normalåret etter pandemien.

– No har vi fått tilbake 60 000 av medlemmene. Det er ein tredjedel frå 2019.

Pressa familieøkonomi

I pressemeldinga skriv Kjøll at mange har funne vegen tilbake til idretten, men at fleire har måtta slutte på grunn av ein stadig meir pressa familieøkonomi.

Vidare skriv Kjøll at NIF vil halde fram å jobbe tett saman med idrettsorganisasjonen og myndigheitene for å sette i verk nødvendige tiltak som sikrar at fritidserklæringa blir følgd. Erklæringa seier at alle barn skal ha rett til å delta på minst éin fritidsaktivitet.

Sjølv om det ikkje vart fire nye år som idrettspresident kan Berit Kjøll vere nøgd med at Noregs Idrettsforbund auka antal medlemmer i 2022. Foto: Pressemelding/Noregs Idrettsforbund

– Meir pengar til lokale fritidskasser i alle landets kommunar, og oppfølging av barn frå familiar som får støtte frå NAV, er to konkrete tiltak vi har føreslått og der vi forventar at myndigheitene varetar ansvaret sitt, skriv Kjøll.

Meir pengar til pengar til lokale fritidskasser

I årets reviderte statsbudsjett føreslo regjeringa å løyve 15 millionar kroner til lokale fritidskasser gjennom ei eiga mellombels tilskotsordning. Tiltaket inneber at barn og unge frå familiar med låge inntekter kan få dekt utgifter til deltaking i fritidsaktivitetar, inkludert deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar.

Sidan 2022 er ordninga «Tilskot til å inkludere barn og unge» styrkt med om lag 180 millionar kroner og er no på totalt 664 millionar kroner. Dette er ei ordning som også inneheld mellom anna tilskot til lokale fritidskasser.

Aagaard trekker også fram eit viktig tiltak NIF jobbar aktivt med.

– NIF jobbar både opp mot myndigheitene for å oppnå gode og treffsikre støtteordningar. Vi jobbar også med bevisstgjering og påminning i eigen organisasjon gjennom idrettslag, særforbund og kretsar, om at dei ikkje har tiltak som gjer det vanskeleg å delta. Det kan for eksempel vere turneringar i utlandet og fokus på nytt utstyr til ei kvar tid, avsluttar Aagaard.


Norske Casper Ruud (23) er rangert som nummer sju i verda. Her i duell med slovakiske Alex Molcan under ATP-turneringa i München 28. april. Foto: Sven Hoppe/AP