Studentleiar om «fuskelover»: – Ikkje tydeleg nok

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Dette er ikkje dei første eksempla som har dukka opp som handlar om fusk. Eg tenker desse sakene beviser at vi har eit lovverk rundt fusk som ikkje er sterkt eller tydeleg nok.

Det seier Maika Marie Godal Dam, leiar i Norsk Studentorganisasjon, på telefon til framtida.no etter å ha blitt spurt om hennar tankar om VG sine avsløringar om studentar som fekk alvorlege konsekvensar etter å ha blitt skulda for fusk.

VG skriv at 4500 studentar ved norske universitet og høgskolar er blitt mistenkt for fusk. For 3100 av dei førte mistanken til utestenging frå all utdanning i Noreg i inntil eitt år. I tillegg fekk 700 annullert eksamen.

I ei av sakene skriv VG om Kittiyaporn Katie Bratberg (26) som vart utestengt frå sine medisinstudium i eitt år på grunn av plagiat.

I etterkant vart Bratberg frifunne av klagenemnda på Universitet i Oslo. Det visste seg at Bratberg ikkje hadde plagiert nokon sitt arbeid, men brukt eigne notat. 

Nytt lovforslag

– Vi har sett et behov for å gjere tydeleg reglane om gjenbruk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) til VG.

Før sommaren skal Moe legge fram eit nytt lovforslag som skal gjelde for høgskular og universitet.

I dag er det ingen reglar som definerer kva fusk er. Kvar enkelt skule har måtte laga sine eigne lokale reglar.

Viktig med tydeleg regelverk

Den avtroppande NSO-leiaren er glad for at eit nytt regelverk er på veg. Godal Dam er klar på at regelverket for fusk og plagiat må vere tydeleg, samtidig som handhevinga av regelverket blir gjort rettferdig.

– Det er viktig at studentars rettssikkerheit blir varetatt, seier Godal Dam.

Ho peiker også på at det må vere lik praksis mellom institusjonane.

– Det kan ikkje vere ulik handheving ut ifrå kor ein studerer. Her forventar vi også at institusjonane tek ansvar, avsluttar ho.


Skjermdump frå Utdanna.no

Utdanna.no tilbyr innleveringar, heimeeksamenar, bacheloroppgåver og masteroppgåver. Skjermbilete Utdanna.no og Finn.no, kollasj Framtida.no